NRK Meny
Normal

Fem av seks på toppskårararlista

Fem av dei seks spelarane som tronar i toppen av toppskårarlista i 3. divisjon spelar eller har spelt på Stryn.

- Innøvd spelemønster er årsaka til breidda av storskårarar i klubben, meiner ein av dei, Jon Terje Tjellaug.

 

Stryn har skåra heile 90 seriemål når det står fire kampar igjen av sesongen. Målstatistikken dei to siste åra er imponerande.

Jon Terje Tjellaug har sett inn 12 seriemål for Stryn frå sin midtbaneposisjon i år, og held med det femteplassen på toppskårarlista. Tidlegare strynespiss, no Sogndal-spelar Mats Solheim tronar øvst på lista med 18 skåringar, føre Morten Kåre Eriksen frå Høyang og Asbjørn Tenden, Stryn, som har 17 nettkjenningar. Mathias Eikenes, Stryn og Sogndal, har 13 skåringar, Jon Terje Tjellaug 12 og Ulrik Flo 11.

Strynetrenar Dagmund Evebø er mannen som har terpa inn det målgjevande spelemønsteret som i tillegg til 90 nettkjenningar har resultert i 44 poeng og ei sekspoengsleiing til tabelltoar Førde. Stryn møter både Førde og tabelltrear Sogndal 2 i sesonginnspurten, og Jon Terje Tjellaug seier ingenting er avgjort i kampen om krinsmeistertittelen.

Med fire kampar igjen å spele, håpar og trur han at det framleis skal plussast mange mål på statistikken, og at tidlegare lagkamerat Mats Solheim kan vippast ned frå toppskårartrona til fordel for ein ein av strynespelarane.

 

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser