Hopp til innhold

Fem av åtte skattekontor kan forsvinne

Skatteetaten føreslår nedlegging av skattekontor. I Sogn og Fjordane betyr det at fem av åtte kontor blir vekke. Dette går blant anna ut over statlege arbeidsplassar på kysten.

Skattekontor

KUTTAR KONTOR: Skatteetaten bil berre behalde tre kontor i Sogn og Fjordane.

Foto: Espen Sandmo, NRK

Kontoret i Vågsøy blir flytta til Eid og kontoret i Florø hamnar i Førde.

Karl Husabø, direktør i Skatt Vest, seier ein reduksjon i talet kontor må til for å styrke etaten.

– Vi har fått nye utfordringar i skatteetaten med omsyn til alvorleg arbeidsmarknadskriminalitet. Vi har økonomisk kriminalitet elles, og mykje i forhold til utanlandske forhold. Det gjer at vi må ha sterkare fagmiljø, som kan handtere dette på ein god nok måte, seier Husabø.

Frykta det skulle bli verre

Ut frå signala som har kome tidlegare frykta fagorganisasjonane at det skulle bli langt verre.

– Vi frykta at det skulle bli berre eitt kontor i fylket, kanskje to. Når vi då får vite at det blir tre kontor, så er det betre enn frykta. Men no må vi understreka at fagforeiningane ynskjer ikkje å legge ned kontor, det er arbeidsgjevar som foreslår å legge ned kontor, seier regiontillitsvald Anne Fürstenberg-Rysjedal i Skatteetatens landsforbund.

Skatteetaten har føreslått å halvere talet skattekontor i landet, i Sogn og Fjordane er fem av åtte føreslått nedlagde. Sjølv om fylket får behalde eitt kontor meir ein det kunne sjå ut til tidlegare, er ikkje Fürstenberg-Rysjedal nøgd med det som skjer.

– Dette vil uansett gi fylket for få skattekontor, seier Fürstenberg-Rysjedal.

Ingen mister jobben

Karl Husabø, direktør i Skatt Vest

FÆRRE SKATTEKONTOR: Karl Husabø er direktør i Skatt Vest, lovar at ingen tilsette skal miste jobben.

Foto: Skatteetaten Photographer: Baard Brinchmann Loevvig, Photographer: Baard Brinchmann L

I Skatt Vest lovar Husabø at ingen skal miste jobben som følge av endringane som skjer.

– Vi ynskjer at alle skal bli med over til det nye kontoret. Her er det snakk om å flytte tilsette frå eit kontor til eit anna. Enkelte stadar så kan det bli svært lange avstandar for tilsette, og då kan det bli slik at dei føler at dei anten må flytte eller vekependle, seier Husabø.

Kjempe for fleire kontor

Skatteetatens landsforbund varslar at dei ikkje aktar å gi opp kampen for å få behalde fleire kontor. Dei set no trykket inn mot forbundet sitt sentralt, som er dei som har dialogen med Finansdepartementet.

– Der vil vi prøve å påverke for å få inn nokre fleire kontor. Vi meiner det er nokre hol i den geografiske fordelinga, og at vi må ha fleire kontor for å bekjempe svart økonomi, ha ID-kontroll og tilgjenge for særskilde grupper, som er nokre av kriteria. Vi meiner at vi har nokre plassar der vi kan få inn fleire kontor på dei premissane, seier Fürstenberg-Rysjedal.