Hopp til innhold

Fem år sidan stor-raset i Fjærland

I år er det fem år sidan storraset i Supphelledalen i Fjærland. Dagen blei markert med avdukking av eit stort informasjonsskilt ved stien til Flatbrehytta.

Raset den 8.mai 2004 vert kalla ein hundreårsflaum . Ein endemorene gav etter, og vatnet bak fekk fritt utløp nedover fjellsida. Under markeringa torsdag fortalde augevitnet Eirik Øygard om korleis han og familien opplevde det store skredet for fem år sidan.

- Eg og kona var på Flatbrehytta, og skulle gjere klart til sommaren. Kring 14.55 meiner eg det var då høyrde eg eit forferdeleg tordenskrall, som ljoma ut over heile dalen. Først skjønte eg ingen ting, men så kom eg på eit brev som bestefar min hadde skrive i 1949, der han omtalte eit ras som hadde gått om natta.

Sjå bileta frå storraset i Supphelledalen

Voldsomme vassmassar

Raset i Supphelledalen fem år etter.
Foto: Steinar Lote / NRK

- Eg sprang ned på morenekanten, der såg eg kor dei voldsomme vassmassane flomma ut over fossen. Det var skremande å sjå kreftene som var i sving.

- Kva tenkte du då?

- Eg blei heilt mållaus. Så ropte eg på kona og sa at ho måtte kome ned med fotoapparatet, så vi kunne ta bilete. Det gjorde vi, og vi fekk heldigvis nokre skjeldne bilete der oppe ifrå. Men det var vanskeleg, for eg såg jo at lengre nede hadde vatnet allereie hadde fyllt opp Tverrdalselvi, så eg skjønte jo at dette var alvorlege greier.

- Det var heilt uverkeleg

- Eg og famillien blei henta ut med luftambulansen. Det første eg såg då vi kom heim var den store skredvifta som hadde lagt seg ut over garden. Det var heilt uverkeleg. Det var som henta ut frå ei anna tid.

- Viktig å hugse for ettertida

Raset i Fjærland i 2004

Det er fem år sidan storraset

Foto: Gerdfinn Eithun

Fem år etter er skadane på garden til Øygard utbetra, men framleis viser såra godt i fjellsida der skredet losna. Øygard sjølv meiner markeringa torsdag er viktig for dette er ei hending som ikkje må gå i gløymeboka.

- Slike ras som dette her går det jo berre meir og meir av, etter kvart som det blir mildare klima og mykje regn. Det skal lite til før det kjem ras, og sjølv små utspring får store konsekvensar.

Informasjonstavla om Supphelleskredet.
Foto: Steinar Lote / NRK