Fem år sidan nestenuhellet på Stad

Det er fem år sidan hurtigruteskipet "Midnatsol" nesten grunnstøytte i full storm utanfor Stad.

Midnatsol i havsnaud ved Stad i 2003
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tysdag grunnstøytte "Richard With" like ved kai i Trondheim, og passasjerane måtte klatre over ein stige for å kome seg i land.

150 meter frå katastrofe

Langt meir dramatisk var det for dei 102 passasjerane som var med "Midnatsol" for fem år sidan. I ni meter høge bølgjer var det store skipet prisgitt ankerkjettingane for å hindre eit havari. fekk motorstopp og hadde grunnberøring

Før livbåtane vart låra i den grove sjøen, fekk mannskapet omsider motorane i gang att. "Midnatsol" var då berre vel 150 meter frå skjera, og båten hadde vore i drift i meir enn to timar.

Tett lufterør

Det var eit Begge motorane hadde stogga. som var årsaka til at " Midnatsol" fekk motorstopp. Inne i lufterøret hadde det oppstått sterk skjel- og groevekst.

Mista motoren ved Værlandet

R.S Platou sleper hurtigruta Nordstjernen
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Redningsskøyta 'RS Platou tauer 'Nordstjernen' til Florø

Også i februar 2007 hadde hurtigruta problem i Sogn og Fjordane. Denne gongen var det "Nordstjernen" med 76 passasjerar som fekk motorstopp og hadde grunnberøring 100 meter frå land utanfor Værlandet.