Hopp til innhold

Fem år sidan «Dagmar»: John Olav gjer seg klar for den neste storstormen

STRYN (NRK): Fem år er gått sidan ekstremvêret «Dagmar» la delar av Norge i svart. Men vi må rekne med at slikt kan skje igjen.

John Olav Kvamme

FRYKTAR MEIR UVÊR: John Olav Kvamme i Oldedalen fryktar meir uvêr.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Frå garden i Oldedalen i Stryn ser John Olav Kvamme framleis spora av ekstremvêret oppe i fjellsidene, skog som velta vil aldri bli fjerna no må naturen sjølv gjere jobben.

– Slike situasjonar som etter Dagmar håpar eg vi slepp fleire gonger, eg håpar inderleg at vi er betre rusta til neste gong, seier Kvamme.

Nasjonalt vart kvar fjerde nordmann straumlaus, telefonsambandet braut saman og store område stod heilt utan kommunikasjon.

Dagmar vart samanlikna med nyttårsorkanen i 92, orkanen som for 25 år sidan gjorde enorme skader. Men under Dagmar skjedde noko som knapt har skjedd før, straumbrot førte til at tele- og mobilnettet braut fullstendig saman i store område.

Oldedalen var utan straum ei veke etter ekstremvêret, også vegen til bygda var stengt på grunn av ras.

– Uvissa i samband med fare for liv og helse var noko mange av oss kjente på, seier Kvamme.

– Kommunane må klare seg utan staten

"Dagmar" vekte debatt om kor sårbare vi er når folk vert isolerte.

Ordførar i Stryn, Sven Flo (H) var ein av fleire som ropa varsku. Fem år etter meiner han at kommunane framleis stort sett må greie seg sjølve.

Sven Flo

SA IFRÅ: Ordførar i Stryn Sven Flo (H) meiner styresmaktene ikkje har gjort nok for å styrke beredskapen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Ein må ta i bruk kommunen sin, vite om private og frivillige som kan bidra, det er den viktigaste lærdomen eg har fått. Den nasjonale beredskapen hadde utfordringar då, og eg må ærleg seie at festtalar om alt som skulle bli betre har enda i at vi ikkje er komne så mykje lenger.

Fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane Haavard Stensvand jobbar for at kommunane og staten samarbeider i kriser.

– Samfunnet er betre rusta for å handtere ein slik situasjon. Når ting fyrst skjer er det klart at staten har tydelege forventningar til kommunane, men samstundes så skal også kommunane forvente at staten støttar opp med sivilforsvar, politi og heimevern.

Risikerer å miste sambandet igjen

Dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen seier beredskapen er blitt betre. Store delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal stod utan kommunikasjon under og etter "Dagmar", enkelte var utan i fleire veker.

– Vi var ikkje førebudd på kor ille det kunne bli. Vi har lært at vi må ha eit meir robust nett. Men vi har også lært at ein må ta høgde for at mobilnettet faktisk kan bryte saman, samfunnet må ha beredskap for at slikt kan skje.

Hans Ørjasæter

LINJERYDDING: Stryn Energi har 630 kilometer med linjenett i Stryn kommune. det er tilsvarande avstanden Stryn-Moss.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Stryn Energi fekk verkeleg merke ekstremvêret "Dagmar". Linjenettet fekk veldige skader. Nettsjef Hans Ørjasæter seier det har fått følgjer.

– Vi brukar no i overkant av ein million kroner på linjerydding per år. Når vi bygger nytt blir ryddegata breiare, nyleg rydda vi ei på femti meter breidde.

Ørjasæter seier også beredskapsrutinane er forbetra etter "Dagmar".

Sikre seg sjølve

Tilbake i Oldedalen meiner John Olav Kvamme at kvar og ein bør tenke over kva vi sjølve treng i ei krise.

– I går til dømes handla eg ekstra batteri til lommelykter. Eg er heilt sikker på at vi får ekstremvêr igjen.