Hopp til innhold

Felte jerv i Luster

Ein jerv vart i går felt i den ekstraordinære jakta som er starta. Den vart felt i fjellområda rundt Hafslo, seier Rein Arne Golf som er rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn i Sogn og Fjordane. I den ordinære lisensjakta i vinter vart ikkje eitt einaste av dei seks dyra det var kvote på felt, skriv Sogn Avis.