Hopp til innhold

Felte dom over Tall Ships-fadese

- Ei alvorleg sak for Vågsøy kommune, seier Asgeir Solheim (Sp) etter å ha høyrt kontroutvalet i Vågsøy sin endelege dom over Tall Ships Races-arrangementet.

Asgeir Solheim

Asgeir Solheim (Sp) er ein av politikarane som reagerte sterkt på det han fekk høyre i dag.

Foto: Håkon Eltvik / NRK

Kommunerevisjonen i Nordfjord kom fram til at Vågsøy kommune braut økonomireglementet på to punkt i samband med arrangementet i fjor.

- Ein skal halde seg til eit reglement. Og det ventar ein at ein skal gjere, seier Asgeir Solheim (Sp).

To brot

For kommunerevisjonen meiner kommunen braut økonomireglementet då budsjettet vart auka frå 11,8 millionar kroner til i fyrste om gang 20,2 millionar, og til slutt 35 millionar kroner. Første gang som orienteringssak i formannskapet, og andre gongen utan at politikarane fekk vite noko som helst.

I reglementet stårt det at utgifter over ein million kroner skal godkjennast i kommunestyret.

- Mindre kunnskap

- Ein skal jo halde seg til dei reglement som ein har. Utfordringa for oss er at vi ikkje får mindre kunnskap om detaljane av rekneskapen og får vere mindre med å bestemme når reglementet ikkje blir følgt, seier Helen Hjertaas (Ap) og er frustrert over at ein ikkje ser ut til å ha følgt økonomireglementet.

Sjølv etter fleire rapportar er ho usikker på om folk har fått noko forklaring på kvifor det gjekk så gale med "Sjøens OL" i Måløy.

- Ei alvorleg sak

Det kom også fram andre oppsiktsvekkjande opplysningar i rapportane frå kontrollutval og revisor. Mellom anna at underskotet er på 15,8 millionar kroner. Noko meir enn dei 15 millionane som kjem fram i den endelege prosjektrekneskapen frå rådmannen.

- Ei alvorleg sak for Vågsøy kommune, oppsummerer Solheim.

Varsla rabalder

Det har den siste tida vore mykje snakk om svinn av alkohol. Noko også revisoren har prøvd å finne ut av. I rapporten blir det poengtert at arrangementet ber preg av stor raushet, manglande styring og kontroll. Kor mykje alkohol og mat som er vekke, er førebels ikkje talfesta.

Formannskapet sende saka vidare til kommunestyret, og mellom politikarar på møtet fredag, var tonen at det vil bli "skikkeleg rabalder" på møtet onsdag 4. november.