NRK Meny
Normal

Denne superskåringa felte Hønefoss sist

Sist Sogndal og Hønefoss møttest var 19. april. Då fekk Ringeriks-laget øydelagt festen av ei av tidenes flottaste Sogndal-skåringar.

Kristian Fardal Opseth skårar frå 60 meter hald i kampen mot Hønefoss

KJEMPETREFF: Kristian Fardal Opseth si skåring sist Sogndal møtte Hønefoss no i april.

I kveld møtest laga igjen til 3. rundekamp i cupen, også denne gongen på Fosshaugane. 19. april var det utan tvil ex-Hønefoss-spelar Rune "Bolli" Bolseth som la opp til festen.

På ein pen måte la han ballen klar til Kristian Fardal Opseth, som brente av frå om lag 53 meter. Ballen gjekk over Hønefoss-målvakta og rett i mål.

– I mine auge er dette eit av dei mest spektakulære måla i Sogndal si lange historie, sa fotballekspert Jon Navarsete til NRK.

Kvar sin ende av tabellen

Etter sigeren i april har pila berre peika oppover for Sogndal, som no leiar 1. divisjon med 26 poeng. Hønefoss derimot, slit i botnen av tabellen med åtte poeng. Men dei har hatt ei stigande formkurve med 2–2 heime mot Ranheim sist, og siger 3-1 borte mot Nest-Sotra kampen før.

– Vi har respekt for Fosshaugane og Sogndal, men i cupen kan alt skje. Sjølv om Sogndal har fått like god start i 1. divisjon, som vi har fått ei mindre god, så er det heilt ope når kampen startar, seier sportsleg leiar i Hønefoss Ballklubb, Rolf Magne Walstad, til NRK.

– Må vere optimisme

Hønefoss BK har tidlegare Sogndal-spelar Malick Mane på laget. Han kom til klubben denne sesongen. Saman med dei andre spelarane satsar han no alt på å overleve i 1. divisjon, og Mane er med i startoppstillinga i cupkampen i kveld.

– Det er klart det må vere optimisme, legg ein seg ned for å døy, då vinn ein aldri. Men vi skal prøve å klare ta ut det vi er gode på, og det vi har blitt betre på dei siste kampane, så får vi sjå etter 90 eller 120 minutt kva resultatet blir, seier Walstad.

Følgjande spelarar er tekne ut i troppen til Sogndal i kveld:

Mathias Dyngeland, Stefan Hagerup, Taijo Teniste, Eirik Skaasheim, Victor Grodås, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Bjørn Inge Utvik, Babacar Sarr, Petter Strand, Rune Bolseth, Jim Johansen, Kristian Fardal Opseth, Ulrik Flo, Lars Christian Kjemhus, Simen Brekkhus, Fredrik Flo, Mahatma Otoo.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser