NRK Meny
Normal

Fellingslag klare til å rykkje ut

Det har vore stor interesse for å felle bjørn som gjer skade på beitedyr i Sogn og Fjordane.

Skoten bjørn

Bjørnen som vart skoten på Jostedalsbreen i juni 2008.

Foto: Steinar Lote / NRK

Over 100 jegerar søkte om å få vere med i det nyoppretta fellingslaget for rovdyr.

- Av desse har vi plukka ut kring 20 til eit fellingslag og fem til ei hundegruppe, fortel utmarkskonsulent i Sogn og Fjordane skogeigarlag, Alf Erik Røyrvik.

Klare til å rykkje ut

Bakgrunnen for opprettinga er skadane ein bjørn gjorde på buskapar sommaren 2008. Bjørnen vart etterkvart felt i Fjærland og er no stoppa ut .

No står eit fellingslag klart til å rykkje ut om ein bjørn er på ferde i fylket.

- Dramatikken byrjar først dersom det blir gjort skade på eit beitedyr. Dersom det blir gjeve fellingsløyve, så kan det aktuelle sanke- eller beitelaget kontakte oss dersom dei ynskjer å bruke oss, seier Røyrvik.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå