Hopp til innhold

Fellesforbundet gjekk i minus på grunn av Kirketeigsaka

Utan Kirketeig-saka hadde Fellesforbundet avdeling 19 Sogn og Fjordane gått i pluss i 2012. I staden for gjekk dei nesten 750.000 kroner i minus.

Årsmøte i Fellesforbundet avdeling 19 Sogn og Fjordane
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det syner rekneskapen for 2012 som vart lagt fram på årsmøtet til forbundet i Sogndal laurdag.

I slutten av august i 2011 stod Jarle Kirketeig fram i NRK og fortalde om det han hevda var år med mobbing i jobben. Kirketeig var tilsett ved Fellesforbundet avdeling 19 sitt fylkeskontor i Førde og sa han kjente seg trakassert av den valde fylkesleiaren, Magne Ulvatn. Ei tid etter dette vart han oppsagt frå stillinga si.

Kirketeig fekk full støtte i retten i fjor haust, og denne veka vart det klart at partane hadde inngått eit forlik.

Møtet opna dramatisk, tidlegare leiar Magne Ulvatn starta med å annonsere offisielt at han trekkjer seg frå leiarvervet, før han forlét møtet.

Tidlegare har NRK fortalt at rettssaka har kosta Fellesforbundet 1,4 millionar kroner. No syner resultatrekneskapen for 2012 at forbundet hadde gått i balanse i 2012 om det ikkje hadde vore for rettssaka.

I rekneskapen står posten «Utgifter Kirketeigsaken» med utgifter på 747 736 kroner. Årsresultatet syner minus 733 931 kroner. Utan Kirketeig-saka hadde Fellesforbundet avdeling 19 gått 13 805 kroner i pluss i 2012.

Men det er likevel ikkje so dramatisk for økonomien i forbundet som det kan høyrast ut som. Balanseoversikta syner at dei framleis har ein eigenkapital på 1,77 millionar kroner. Ved inngangen til 2012 var eigenkapitalen 2,5 millionar.

Årsmøte i Fellesforbundet avdeling 19 Sogn og Fjordane
Foto: Sondre Dalaker / NRK