Hopp til innhold

Felles plan for økologisk landbruk

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Hordaland går no saman om å lage ein felles handlingsplan for økologisk landbruk.

Interessa for økologiske produkt er aukande, og regjeringa har eit mål om å nå 15 prosent økologisk produksjon i 2015. Men i dag vert det berre produsert 3 prosent økologiske matvarer.  

Det er avgjerande at næringa sjølv ønskjer å utvikle landbruket i økologisk retning for å lukkast, heiter det frå fylkesmennene i dei to Vestlandsfylka.