Hopp til innhold

Felles fiskekort i Luster

I Luster er det no innført felles fiskekort for 85 fiskevatn rundt om i kommunen. Det er 25 fleire enn i fjor, skriv Sogn Avis. Ideen til felles fiskekort fekk dei frå Aurland. Der har dei eit felles fiskekort som dekker over 200 vatn frå Rallarvegen og Flåmsvassdraget i sør til Aurlandsvassdraget og grensa til Hallingdal.