Hopp til innhold

Felgfabrikk besto viktig test

Saint Jean Wheels i Høyanger fekk denne veka godkjent sitt første produkt med den nye Cobawheel-konstruksjonen.

Ståle Thorbjørnsen

KAN SMILE: Fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen og dei tilsette ved tidlegare Fundo Wheels i Høyanger fekk denne veka gladmeldinga dei har venta på.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Allereie har felgprodusenten Saint Jean Wheels ein ordre frå den tyske bilprodusenten Audi på 1.000 hjul som skal leverast i mai.

Fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen seier til Ytre Sogn at dette er ein milepæl for felgfabrikken.

– Neste store utfordring for oss blir oppfinansiering av volumauke og få industrialisert det nye produktet, seier Thorbjørnsen til avisa.

Ser på korrosjon

Sjølv om godkjent, er ikkje Audi heilt nøgde med korrosjonsresultata. Thorbjørnsen seier til avisa at dette i hovudsak er eit lakkrelatert problem som han ikkje ser som noko stort problem å få retta.

Til avisa seier fabrikksjefen at han ventar ei endeleg godkjenning etter ein prosessrevisjon til våren.

– Poenget med dette er at vi må syne at vi er i stand til å produsere, ikkje berre levere testhjul, seier han.

Utviklar nye hjul

Fabrikken i Høyanger tok opp att drifta etter at Fundo Wheels gjekk konkurs i februar 2009, og har ein kapasitet på 25.000 felgar i året. Dei arbeider no med å utvikle to nye felgar, og ifølgje Ytre Sogn skal utanlandske investorar vere interessert i å vere med å finansiere ein produksjonsauke.

– For å auke produksjonen må det investerast i maskiner. Finansieringa er ikkje i boks, så vi har framleis skjær i sjøen, men den tekniske godkjenninga er som sagt ein viktig milepæl, seier Thorbjørnsen til avisa.