og Arild Nybø.
Før det i heile teke er avgjort om folkemusikken skal få si eiga scene, går debatten friskt om kvar den skal ligge.
Arne Sølvberg vil gjerne ha senteret i Oslo. (Foto: NRK)
Den landskjende felespelaren Arne Sølvberg er ikkje i tvil om at folkemusikken sin eigen "opera", ei riksscene for folkemusikk og dans må ligge i Oslo.
- Ved å legge dette til hovudstaden på same måte som operaen, gjev ein eit signal frå øvste hald om at dette er noko også Staten bør ta ansvar for, seier Sølvberg.
Kulturdirektøren usamd
Men dette er sure tonar i styreleiar i Førde Internasjonale Folkemusikkfestivalen Lidvin Osland sine øyrer:
Lidvin Osland vil ha senteret på Vestlandet. (Foto: NRK)
- Viss alt i dette samfunnet skulle hamne i Oslo, så ville vi sitje att med ingenting i resten av landet, seier han.
- Det er dryge ord, seier Sølvberg. Han meiner det er viktig å ha senteret plassert i Oslo, der folkemusikarar frå heile landet kan vise seg fram:
- Det å ha ei sentral riksscene vil stimulere miljø over heile landet.