Hopp til innhold

Sjukehustilsette forbanna - fekk vite om nedlegging i media

Dei tilsette ved Nordfjord og Lærdal sjukehus er sjokkerte over at eit først fekk vite fødenedlegging i media.

Tilsette ved Nordjord sjukehus forbanna over at dei fekk vite om nedleggin i media

FORBANNA: Tilsette ved Nordjord sjukehus forbanna over at dei fekk vite om nedlegging i media.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK (MMS)

– Eg fekk vite om dette på radio, akkurat som alle dei andre tilsette på fødeavdelinga, seier overjordmor Linda Grotle ved Nordfjord sjukehus.

Grotle er ikkje ein gong på jobb, men på hytta. Ho er svært frustrert over at ho ikkje vart varsla slik at ho kunne informere og støtte dei tilsette.

– Eg er faktisk heilt sjokkert. Hadde eg visst om dette hadde eg sjølvsagt vore på Eid i dag, men no er eg i staden på hytta. Eg er ekstremt lei meg rett og slett, seier Grotle til NRK.

Kuttar i fødetilbodet

– Eg kan ikkje gjere noko som helst for mine tilsette utan å ta ein telefon om korleis dei har det, seier Grotle.

I går bestemte regjeringa seg for å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid, og erstatte den med ei jordmorstyrt fødestove.

Fødeavdelinga på Nordfjordeid blir slått saman med fødeavdelinga i Volda for å skape eit robust fagmiljø, ifølgje helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap).

Det blir også kutta ved den forsterka fødestova i Lærdal. Her blir gynekologstillingane fjerna. Lærdal står i fare for å miste heile fødetilbodet dersom dei ikkje klarar å rekruttere jordmødre lokalt.

– Vi har ikkje blitt varsla

Avdelingsleiar på Lærdal sjukehus, Marianne Øren, fekk nyheita midt i fleisen då ho opna avisa i dag tidleg.

– Vi har ikkje blitt varsla i det heile teke. Vi hadde avdelingsmøte i går, og det kom ingenting fram der. Eg fekk vite det via framsida til Bergens Tidende i dag tidleg, seier Øren til NRK.

NETT-TV: Helseministeren om vedtaket

Video Strøm-Erichsen

NETT-TV: Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen om vedtaket.