Hopp til innhold

Fekk verkeleg oppleve korleis aust-vest-vegane kan vere

HÅBAKKEN (NRK): Statssekretæren hamna midt i kolonnekøyringa over Hemsedalsfjellet på sin tur frå aust til vest for å vurdere framtidas stamveg.

Bård Hoksrud og Ketil Solvik Olsen

PÅ HÅBAKKEN: Statssekretær Bård Hoksrud (framme) og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (bak) fekk seg ein pust i bakken på Håbakken i Lærdal før dei reiste vidare til Bergen på sin aust-vest-tur.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Bård Hoksrud i Lærdal

KOLONNE: Midt i vinterferietrafikken og dårlege vêrforhold kom statssekretær Bård Hoksrud over Hemsedalsfjellet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Medan Samferdsleministeren kom over Filefjell hadde statssekretær Bård Hoksrud (Frp) teke ei anna rute.

– Det har vore ein opplevingsrik tur med alt frå gode vegar til veldig dårlege vegar. Eg fekk jo også oppleve å køyre kolonne over Hemsedalsfjellet, seier Hoksrud.

I dag køyrde samferdselsministeren og resten av toppleiinga i samferdselsdepartementet frå Oslo til Bergen for å vurdere kva som skal bli stamvegen i framtida.

Hoksrud skjønar no meir av korleis kvardagen er for folk som bur eller driv næringsverksemder og som er avhengige av å kome seg over fjellovergangen.

– Eg skjønar behovet for å gjere noko meir med fjellovergangane mellom aust og vest. Vi har veldig god forståing for at folk engasjerer seg over vegen sin.

Prioritere ein veg

Samferdsleministeren vil prioritere opprusting av ein til to vegar og håpar dermed at alle aust-vest vegane skal bli betre. I dag har han køyrt frå Oslo mot vest over Filefjell.

– Dette handlar om å kople aust og vest betre saman enn i dag. I staden for berre å sitje og sjå på rapportar og kart, så får ein mykje meir att ved å bruke nokre dagar til å reise rundt og prate med folk.

Det sa Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) då han på sin tur frå Austlandet til Vestlandet var innom Håbakken i Lærdal.

Vil få ned køyretida

Ketil Solvik Olsen i Lærdal

PRAT: Samferdsleministeren fekk kome i prat med mange på si ferd frå aust til vest. Her i prakt med karar i vegvesenet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Statens vegvesen tilrår nemleg to framtidige stamvegar, over Hemsedal og over Haukeli. Solvik-Olsen har sjølv opna for å berre å ha éin.

– Vi må få ned køyretida så mykje på enkelte vegar at tungtrafikken automatisk vel den når dei skal frå aust til vest. Då vil også dei andre vegane bli opplevd som betre fordi ein får vekk lastebiltrafikken, seier han.

Solvik-Olsen understrekar at sjølv om dei vil velje ein eller to vegar å satse ekstra mykje på, så vil ein halde fram jobben med rassikring og trafikktryggleik på alle vegstrekningane.

Han meiner det er feil slik ein har heldt på ved å prioritere alle vegane litt.

– Då spreiar ein trafikken altfor breitt og får gjort lite med trafikktryggleik og reisetid.

Dei vil ikkje gje noko signal om kva veg dei meiner er best egna. Først skal dei lytte til alle som har noko å seie om saka.