NRK Meny
Normal

Fekk uventa besøk i hagen

Anette Ulvik skulle berre helle ut litt vatn i tuja-hekken då ho oppdaga ein klumb med bier i hekken. Det viste seg å vere rundt 20.000 av dei som hadde teke turen til hagen i Dale.

Ein familie frå Dale fekk uventa biebesøk i hagen. Her ser dei på at birøkteren prøvar å fange biene.

FANGAR BIENE: Familien i huset følger spent med frå vinduet når birøktar Carl Joakim Janninge prøvar å fange biene.

– Anette ringde meg på jobb og fortalde om funnet, ho meinte det var snakk om fleire hundre bier, fortel Oddvar Alværen.

Då han kom heim såg han at ho ikkje hadde overdrive, det måtte vere minst tusen. Det var berre ein ting å gjere; tilkalle birøktar!

Tilkalla birøktar

– Vi var ikkje redde, dei har vore rolege. Men det er jo litt ufjelgt. Vi har halde vindauge og dører lukka for å ikkje få dei inn i huset, fortel Alværen.

biekasse

BIEKASSE: Først prøvde dei å få biene til å sjølv fly inn i denne kassen.

Foto: privat

Etter å ha ringt litt rundt fekk han tak i ein birøktar, Carl Joakim Janninge, som kom med fullt utstyr, og forsterkningar i form av dotter si, også ho i full birøktarmundur.

– Først sette vi ei bikube i hagen for å sjå om dei fann vegen inn sjølve i løpet av natta, men det gjorde dei ikkje. Då måtte birøktaren til verks. Når han først fekk dronninga inn følgde resten etter, seier Alværen.

– Biene svermar, slik er det

Janninge fortel at det er første gong han rykker ut på denne måten, men at det ikkje er uvanleg at bier kjem på avvege slik som dette.

Carl Joakim Janninge

I FULL UTRUSTING: Dottera får vere med når birøktar Carl Joakim Janninge skal fjerne biene.

Foto: privat

– Biene svermar, slik er det. Det er deira løysing når dei vert for mange på ein stad, då delar dei seg og så flyr halvparten av garde.

Han understrekar at dei ikkje er aggressive slik som kvefsen.

– Kva skjer med biene no?

– Enten beheld eg dei sjølv eller så tek nokon andre som driv med bier dei. Først må dei vere i karantene ei stund, i tilfelle dei har sjukdommar. Vi veit jo ikkje kvar dei kjem frå, seier Janninge.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.