Hopp til innhold

Fekk trilling-lam midt i desember – no får søya namnet «Jomfru Maria»

Bonden Helge Torpe kvapp godt då han gjekk i fjøsen tysdag. Springande rundt i bingen såg han tre lam. No vil bonden gje søya namn etter ei anna berømt desember-mor.

Sauebonden fekk seg ein overraskelse i fjøsen

SPESIELT: Trillingfødsel i fjøsen i desember. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

Då bonden på Ålhus i Jølster kom i fjøsen på tysdag, høyrde han nokre uventa lydar.

– Det er jo ikkje akkurat vanleg med lammelyd no seinhaustes. Og då eg såg tre lam som sprang rundt i bingen saman med sauene, skvatt eg jo litt, seier bonden.

Vanlegvis skjer lamminga i april/mai, så desse smårollingane var over eit halvår ute av rute.

– Dei var friske og fine, så eg skilde ifrå mora og lamma. No ser det ut til at dei skal klare seg veldig fint. Men spesielt, det er det jo. Det er vel nærliggande å kalle mora «Jomfru Maria», foreslår Torpe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trillinglam

ADVENTSMIRAKEL: To av dei tre lamma som såg dagens lys tysdag, meir enn eit halvår seinare enn lamminga vanlegvis føregår. No får mora namnet 'Jomfru Maria'.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Syndaren er ein sjeviot-vêr

Men kva var det eigentleg som hadde skjedd? Den røynde bonden Torpe lurte ikkje lenge før han skjøna teikninga.

– Eg har nokre beiteteigar som er godt eigna til å ha vêrar på sommarstida. Nokre kjenningar fekk lov å ha vêrane sine beitande der, sidan dei sjølve ikkje hadde plass. Så eg reknar med at det har vore ein storsjarmør på ferde, meir nøyaktig ein sjeviot-vêr, seier jølstrabonden.

– Kor vanleg er dette?

– Det hender vel, men det er nok dei færraste som torer innrømme at det skjer. Det er jo ei flause. Ein blir litt klovn når ein syner fram dette, smiler Torpe.

Dette er eigentleg tida for inseminering og paring, og vêren i fjøsen til Torpe får no ei søye mindre å bryne seg på.

– Han føler seg vel snytt no når han ikkje fekk vere med på dette opplegget, men han får jo kome til på dei andre søyene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helge Torpe

HAR LÆRT: Bonde Helge Torpe vil verte nøyare på å skilje verane frå søyene i framtida.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ungane fekk nye leikekameratar

Han trur ungane på garden no får seg nokre nye yndlingar.

– Det blir jo litt ekstra arbeid når eg skal fôre på desse lamma inne heilt til sommars, men ungane liker det jo veldig godt. Då har dei moro fram gjennom vinteren.

Men sjølv om ungane set pris på dei nye leikelamma, vil Torpe dra lærdom av den uventa fødselen.

– Eg må vel verte litt meir forsiktig med å sleppe sauene i lag med vêrane, sjølv om søyene vanlegvis ikkje byr seg opp på lyse sommardagar.

Han reknar med at andre bønder no vil få seg ein god lått.

– Dei vil nok le av meg, ja. Eg har fått nokre reaksjonar på sosiale medium allereie. Dei lurer på kva eg driv med. Men ein kan jo ikkje vere meir alvorleg heller. Livet er for kort til at ein skal ta alle ting så alvorleg.