NRK Meny
Normal

Fekk Terra-bombe til påske

I løpet av påska har Pareto lempa ut Terra-produkt for Vik og Narvik kommunar.

Nils Gunnar Myrkaskog og Marta Finden Halset

Rådmann Nils Gunnar Myrkaskog og ordførar Marta Finden Halset må konstatere at Vik har tapt 45 millionar kroner på handelen med Terra Securities.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Vik kommune har no selt den største verdipapirposten kjøpt gjennom Terra.

Vil selje meir

Kommunane fekk igjen berre 25,1 prosent av pålydande av verdipapira dei selde melder NA24. Etter salet sit Vik att med berre 15 av dei 60 millionane dei investerte.

Ordførar Marta Finden Halset opplyser til NRK at dei framleis eig ein obligasjon til gjennom Citibank, som dei kjøpte for 39 millionar kroner. Det er framleis uklart kor lågt den står i verdi. Halset seier dei sel også denne i løpet av året.

Finden Halset seier tapet er dramatisk for kommunen.

- Eg kan ikkje seie noko anna enn at vi må sjå framover korleis vi skal gjere det, og vi skal ha ein politisk gjennomgang av dette.

Tap på 800 mill.

Fram til salet i påske hadde alle dei åtte kommunane som er involverte i terraskandalen tapt 610 millionar kroner. Dette tapet er no oppe nær 800 millionar kroner. Tapet er venta å bli større.

I byrjinga av mars måtte også Haugesund, Bremanger og Rana tvangsselje verdipapir dei kjøpte gjennom konkursråka Terra Securities.