Krinsen tippa Kleppe langt ned på lista - han svarte med å ta sølv

Steinar Kleppe vart tippa mellom dei seks beste i sleggje under NM. Det kan ha gjort susen - for florøværingen slo til med sølv.

Steinar Kleppe tok sølv under NM

VISTE SEG FRAM: Steinar Kleppe slo til med sølvmedalje - fire år etter at tok sin første sølv i NM-

Foto: Rune Fossum / NRK

Steinar Kleppe

NØGD: Steinar Kleppe konstaterer at sølvet er i boks.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg er veldig godt nøgd med sølv. Resultatet er omtrent som venta, for eg har vore bra på trening i det siste - men eg er veldig godt nøgd med plasseringa, seier Steinar Kleppe.

23-åringen har dei siste åra trappa litt ned på satsinga på sleggje, og var ikkje venta å konkurrere heilt i toppen i årets NM.

Likar utfordrarposisjonen

Då NRK ba Narve Heggheim i friidrettskrinsen rekne opp dei fremste medaljekandidatane frå fylket framfor NM, var ikkje Kleppe mellom desse.

Ein annan stad vart Kleppe tippa på topp seks.

– Det viste seg jo å vere rett. Eg vart topp seks. Men det var kanskje litt lite ambisiøs tipping, ler sølvmedaljevinnaren frå Florø.

Han understrekar at han ikkje har vondre kjensler av den grunn.

– Men det er slik eg likar det: Å komme bakfrå og vise at eg framleis er dugande, seier Kleppe.

Kasta betre som 19-åring

Det beste kastet til Kleppe vart målt til 58,39 meter. Det er om lag meteren bak hans eigen personlege rekord, men eit hav bak suverene Eivind Henriksen som tok gullet med 71,83 meter.

– Eg kunne ikkje vente noko betre. Eg veit han er uslåeleg, og eg drøymde berre om å ta sølvet, seier Kleppe.

Det er andre gongen 23-åringen tek sølv i senior-NM. Sist var i 2007, då han som 19-åring enda på andreplass med eit kast på 59,26 meter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kim Nes Leirvik tek NM-sølv

ENDELEG: Slik såg det ut då Kim Nes Leirvik svinga seg over lista under NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Enormt god dag for Florø

Sølvmedaljen til Kleppe var berre éin av mange oppturar for Florø på opningsdagen under NM i friidrett på Byrkjelo.

Like etter tok Øyvind Strømmen Kjerpeset sitt første NM-gull på 400 meter hekk.

Også Kim Nes Leirvik i stav og Idar Grøneng Havn i kule varta opp med sølv. I tillegg tok Yngve Grøneng Havn bronse i kule.

Tok sølv - vil ha gull

For Kim Nes Leirvik var det første gongen han var på pallen i NM utandørs. Med 4,50 meter i stav var han eit stort smil etter konkurransen.

– Eg er nøgd med endeleg å få det til i meisterskap. Det har vore ein del år med dårleg hopping. Så dette motiverer ekstra, seier han.

– Målet er å bli norgesmeister ein gong. Og eg har lyst til å hoppe fem meter, seier Nes Leirvik.