NRK Meny
Normal

Fekk styreverv utan å vite om det

Wenche Eldegard og Anne van Oorschot vart valde inn i styret for Fagskulen utan å vite om det.

Wenche Eldegard og Anne van Oorshoot

BER OM FRITAK: Wenche Eldegard og Anne Van Oorschot.

Foto: Montasje: Johan Moen/Framtidsfylket / NRK

– Eg var sjølvsagt forundra. Eg har ikkje hatt så mykje å gjere med fagskulen, men det er eit viktig institutt, seier Anne van Oorschot.

Verken ho eller Eldegard var kontakta på førehand, og begge har no søkt om fritak frå verva. Eldegard ynskjer ikkje å kommentere saka.

Fylkesrådmannen tilrår no at fylkesutvalet gjev dei to fritak frå styreverva og lyser ut suppleringsval.

Til fylkesrådmannen si overrasking har det kome for ein dag at NHO Sogn og Fjordane ikkje hadde vore i kontakt med nokon av dei fire ovannemnde før organisasjonen fremja dei som kandidatar til styret.

Fylkesrådmannen
Jan Atle Stang

MISTYDING: Jan Atle Stang er regiondirektør i NHO.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I NHO seier regiondirektør Jan Atle Stang at det heile skuldast ei mistyding.

– Det som skjedde var at NHO fekk beskjed om å spele inn kandidatar. Det gjorde eg og trudde fylkeskommunen fekk inn mange namn.

Han trudde fylkeskommunen sjølv sjekka ut namna han spelte inn.

– Eg ser ikkje at eg har gjort noko feil. Hadde eg fått beskjed om å finne kandidatar som kunne bli valde, så hadde eg sjølvsagt kontakta dei, seier Stang.

– Det er sjølvsagt uheldig å måtte søke om å bli fritatt frå noko du ikkje visste om i det heile. Men når dei greidde å ordne opp i det, så er det greitt for min del, seier van Oorschot.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå