NRK Meny
Normal

Fekk storfint besøk på båtturen

– Det kokte rundt oss, fortel Joleik Ask om dagens båttur.

Vart omringa av fleire titals grindkvalar i Dalsfjorden

STORFINT BESØK: Karane i båten vart omringa av fleire grindkvalar. Foto: Joleik Ask. Video: Ivar David Rogne Helle

Saman med Ivar David Rogne Helle, Marita Jacobsen og Arne Vårdal var han på båttur på Dalsfjorden utanfor Vårdal i Askvoll då dei møtte på ein svær flokk med elegante svømmarar.

Det brusa godt i fjorden då fleire titals grindkvalar svømte rundt båten. Ikkje var dei sjenerte heller, og fleire gonger var dei tett opptil båten.

– Eg vil tru det var mellom 15 og 30 av dei. Det var utruleg tøft. På videoen ser ein berre ein liten brøkdel av kor mange dei faktisk var, fortel Joleik Ask.

Saman med tre-fire andre båtar låg dei ute på fjorden ei stund og studerte dei flotte skapningane.

– Dei var rundt oss på alle kantar, og vi kunne sjå fleire langt vekke også, seier Ask.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.