Hopp til innhold

Fekk stoppa branntillaupet med pulverapparat

Dei to personane som oppheldt seg i huset i Førde der branntillaupet starta er sendt til legesjekk etter å ha fått i seg ein god del røyk.

Røykutvikling i Førde

Det var tidlegare i dag full utrykking til eit bustadhus på Holsen i Førde kommune, etter melding om røykutvikling på kjøkenet i huset.

Det skal ikkje ha utvikla seg til brann, men brannvesenet i Førde rykte raskt ut til staden. Også ambulanse og politi rykte ut etter meldinga.

Det var to personar i huset då det oppstod røykutvikling. Dei klarte sjølve å få kontroll på situasjonen med eit pulverapparat.

Det melder vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved alarmsentralen.

– Dei to personane har blitt tekne med av ambulansen. Dei har pusta inn ein god del røyk og får ein sjekk med lege no, seier Holvik. Han seier det var mykje røyk og pulver i huset då brannmannskapa kom til staden.

Politiet melder at det var noko skade på kjøkkenet.

Årsaka til røykutviklinga er førebels ikkje kjent. Saka blir følgt opp av Førde lensmannskontor.