Hopp til innhold

Fekk stjernemottaking i Eid

Melodi Grand Prix Junior-vinnarane vart tatt imot med flagg, jubel og stjerneskot då dei kom heim til Nordfjordeid søndag kveld.

Anna Naustdal og Vilde Hjelle med velkomstkomiteen

VELKOMEN: Anna Naustdal og Vilde Hjelle vart ønskt velkomen heim av vener og slektningar etter MGPjr-suksessen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Klokka halv ti søndag kveld kom dei nybakte MGPjr-vinnarane, Anna Naustdal (12) og Vilde Hjelle (13) heim til Nordfjordeid. Laurdag kveld tok jentene nasjonen med storm med songen «Vestlandet», som handlar om å vekse opp på små plassar.

God kjemi

SLIK: Slik såg det ut då Vilde og Anna stod på scena i Oslo Spektrum.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Søndag kveld møtte ein velkomstkomite på 35 personar opp for å gi dei to ein heimkomst verdig to Grand Prix vinnarar. Norske flagg, heiarop, strofer frå vinnarsongen og stjerneskot møtte jentene.

– Vi har prøvd å sove på vegen, men det var vanskeleg for vi var så spente på å kome heim. Vi har gledd oss veldig, seier Anna Naustdal.

Øydelagde stemmer

Ruta heim til Nordfjord gjekk over Strynefjellet, der vinnarsongen vart skriven. Likevel vart det ikkje synging på dagens biltur.

– Nei, vi har øydelagt stemmene våre, fortel Vilde Hjelle.

Ho fortel at det har vore ein fin søndag.

Etter at vi vann i går var vi på ein fest fram til midnatt. I dag har vi vore på ulike stader og fortalt om kva vi har gjort, så var det berre å hive seg i bilen og køyre heim. Det har vore ein fin dag.

Tilbake til kvardagen

Tårevått

TÅREVÅTT: Tårene strøymde både i salen og på scena då jentene fekk dei gode nyheitene.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Etter popstjernemottakinga søndag kveld, fortel Hege Lillestøl Naustdal, som er mor til Anna, at det er tilbake til kvardagen for jentene.

– Dei er så rolege og har takla dette kjempefint. Det er to jordnære og hærlege jenter, og som dei seier sjølv så går det bra så lenge dei har kvarandre. No er det viktige at dei kjem heim og får vere berre seg sjølve. Så startar kvardagen med skule att i morgon, det er viktig.

Arnt-Ivar Naustdal er faren til Anna. Han er godt nøgd med mottakinga.

– Dette er litt overveldande, at så mange har kome for å møte dei er kjempekjekt.