Hopp til innhold

Fekk steinblokk rett i panseret

– Vi må berre vere glade og takke for at vi ikkje vart øydelagde. Det var ikkje vår tur denne gongen. Det seier paret som tysdag var nær ved å bli knuste då ei stor steinblokk trefte bilen deira i Luster.

Bil køyrde inn i steinblokk på vegen til Veitastrond

TREFT AV STEINBLOKK: Bilen til Anne-Eli Hovde og mannen vart treft av ei diger steinblokk på vegen til Veitastrond tysdag ettermiddag.

Foto: NRK-tipsar

Anne-Eli Hovde og mannen Bjarne Neset var på veg heim frå julehandel i Sogndal då det gjekk eit ras på fylkesveg 337 inn mot Veitastrond. Paret fekk ingen forvarsel på det som skjedde.

Plutseleg kom både snø og stein ned den stupbratte fjellsida.

– Vi såg berre noko kvitt og så small det. Den svære runden steinen og snøen kom på likt, seier Hovde og fortel at ho vart heilt sjokka.

– Mannen min sa eg måtte kome meg ut av bilen og ta med meg hunden, og sjølv hoppa han ut av bilen. Men eg vart visst berre sittande først, seier sognekvinna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Created by InfoDispatcher

Ventar på geolog

Vegtrafikksentralen fekk melding om raset klokka 17.32 måndag ettermiddag. Entreprenøren vart send til staden, og det vart bestemt at vegen ikkje skulle opne att før ein geolog har vurdert fjellsida.

Onsdag morgon opplyser Vegtrafikksentralen at ein geolog vil kome til staden for å sjå på rasløpet. Raset skal ha gått i området mellom Kvam og Soge får NRK opplyst.

– Eg fekk sjokk

Vegen inn til Veitastrond er kjent for å vere rasutsett, spesielt vinterstid. Opp gjennom åra har det gått ei rekkje snøras på vegen, og mange gonger har innbyggjarane vore innesperra etter at den einaste vegen inn til bygda har blitt stengd.

Det blir no jobba med rassikring av delar av vegen.

Raset tysdag gjekk ifølgje Hovde på ein plass der dei ikkje før har vore plaga med rasaktivitet.

– Dette er ein plass der det ikkje har brukt å rase. Eg køyrde ikkje spesielt fort, men eg hadde ikkje sjanse til å stoppe. Den kom rett ovanfrå og vi køyrde rett inni den, seier ho.

– Eg fekk sjokk av ei anna verd då steinen dundra i panseret. Eg skalla hovudet rett i kollisjonsputa, så eg har sår både i nasen, munnen, på leppene og på kjaken. Vi kjenner oss ganske mørbanka begge to, seier Hovde til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stein dundra i vegbana - bil køyrde rett inn i den på vegen til Veitastrond

DUNDRA I VEGEN: Fleire steinblokker losna i fjellsida. Denne gjekk i vegen like framfor bilen til eit par på veg heim til bygda. Her er den dytta ned til vasskanten av entreprenøren.

Foto: NRK-tipsar

– Vi har hatt englevakt

Ho er framleis skaka og opprørt over den dramatiske hendinga, men vel å sjå det positive i det: Det gjekk bra og begge slapp frå det utan store skader.

– Hadde det skjedd berre eit lite augneblink tidlegare hadde vi vore rett under steinen, og då hadde vi blitt knuste begge to. Vi hadde englevakt begge to, rett og slett, seier ho.

Etter at dei to hadde kome seg ut av bilen fekk dei kontakta sambygdingar som kom til for å hjelpe. Alt dei hadde i bilen vart lasta over i andre bilar, og ekteparet fekk skyss heim på tunet.

Steinblokka er ifølgje Hovde høgare enn bilen, og er så stor at det er umogleg å kome forbi den. Det i kombinasjon med fare for nye ras gjer at vegen har vore heilt stengd sidan tysdag ettermiddag.

Sjølv om vegen skulle opne att onsdag trur ikkje Hovde at ho vil ut med bil med det første.

– Akkurat no tenkjer eg at det blir lenge til eg køyrer bil her igjen. Snøras er noko vi har vore redde for, men stein, det var skummelt, seier ho.