Hopp til innhold

Fekk spesialhelsing frå helseministeren

Sunnfjord Medisinske Senter (SMS) hadde onsdag si offisielle opning. I samband med den fekk senteret ei heilt spesiell helsing.

Sunnfjord medisinske senter / Bent Høie

SMS-HELSING: Senteret ligg lokalisert i Florø sentrum. Her finst ei mengde helsetenester samla under eitt tak. – Sånn vil vi ha det, seier helseministeren.

Foto: Otter Starheim/Helse- og omsorgsdepartementet

Kjartan Olafsson

SJÅ TIL FLORØ: Kjartan Olafsson er lege ved Sunnfjord Medisinske Senter.

Foto: Stein Aase / NRK

– Vi reknar med at vi har eit av dei mest robuste og kompetente samlokaliserte helsemiljøa i landet. Helseministeren brukar jo oss som døme titt og stadig om korleis han ønskjer å ha det. Det fortel lege Kjartan Olafsson.

Han er ein av drivkreftene bak senteret som har fått Helseminister Bent Høie (H) til seie, sjå til Florø.

Det første bygget var på plass i 2001. Dei har heldt fram med å byggje ut og måndag 1. juni var siste trinn i utbygginga av senteret i Florø klar.

Her finn innbyggjarane i kystbyen alt frå apotek til helsestasjon, legekontor, augeklinikk, medisinsk poliklinikk, blodbank og fysioterapi, pluss ei mengde andre viktige helsetenester.

Frå sjølvaste helseministeren kom denne helsinga i dag:

(Artikkelen held fram under videoen)

Helsing til Sunnfjord Medisinske Senter frå Helseminister Bent Høie

SJÅ VIDEO: Her er helsinga Sunnfjord medisinske senter fekk frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Eit fellesskap

«Alle skal føle dei har komme rett», seier Olafsson.

– Det er faktisk slagordet vi har utvikla her. Alle skal føle at dei er kome rett. Uansett kor dei kjem inn i huset. Vi er eit fellesskap som er her til det beste for pasientane og brukarane våre, seier han.

– Huset er fullt. Er det noko du saknar her?

– Det er mange vi godt kunne tenkje oss å ha her. Vi har ingen frå pleie- og omsorg her, forutan ein kreftkoordinator, vi manglar barnevern og PPT-tenesta, men vi har dessverre ikkje så mykje plass att, seier han.

Stor fallhøgd

Normund Svoen

SAMARBEID: Vi jobbar med å få til eit godt samarbeid, seier Normund Svoen, lege ved senteret.

Foto: Svein Aase / NRK

6200 kvadratmeter med helse- og velferdstenester er på plass i Flora kommune.

Og godord frå helseministeren betyr mykje, fortel lege Normund Svoen.

– Først og fremst er det ein utfordring for fallhøgda er stor. Endar vi opp med å jobbe individuelt i eininga i eit så stort felles bygg som dette her, så kan ein ende opp med at ein sit på kvar si tue og jobbar, men vi prøver å få til godt samarbeid, fortel Svoen.

Tverrfagleg miljø

– Bygget har fungert veldig bra. Vi har jo kunne vore med å forme ut det frå vi starta og tilpasse lokala slik vi ønskjer det, seier manuellterapeut Trond Melvær i fysioterapiavdelinga i tredje etasje.

Han meiner det tverrfaglege miljøet ein har fått til på det nye senteret betyr mykje.

– Det betyr mykje for pasientane der dei kan få både tenester på apotek, snakke med fastlegen sin, kome opp til oss eller innom bedriftshelsetenesta. Så det fungerer veldig bra, seier Melvær.

Helseminister Bent Høie brukar SMS som eit døme på korleis denne type helsehus i Helse-Norge skal sjå ut i dag. Melvær er samd.

– Vi bør samle tenester, men det er ein lang veg å gå. Det har kravd at vi har jobba godt saman. Det er ikkje berre det at vi skal samle tenestene, men det handlar også om å lage gode rutinar som fungerer godt for både pasientar og tilsette, seier han.