NRK Meny
Normal

Vann konkurranse – fekk spele med heltane

I konkurranse med over hundre håpefulle lag frå heile landet, var det Breimsbygda IL som nådde heilt til topps. Og premien: å få trene med eit lag frå eliteserien.

Det er spente ti- og elleveåringar som ventar i spelartunnelen som fører opp til kunstgraset på Fosshaugane Campus.

– Eg har venta på dette og var veldig spent på når datoen blei. Eg rakk det akkurat for eg skal til Syden i kveld, seier Margit Røyset Seime.

Ute i flaumlyset står heile A-laget til Sogndal og ventar.

Jakob Nybø Gangeskar er i ekstase etter å ha fått låne plassen til Mahatma Otoo i garderoben.

– Heilt magisk, seier han.

Kjekt avbrekk for spelarane

Sogndalspelar Tim Nilsen, den store helten frå kalassigeren i helga, trur ikkje det berre er ungane som får noko ut av dagens møte.

– Det er positivt at vi spelarane kan gjere litt anna enn å berre sjå kvarandre i garderoben og på treningsfeltet, seier han.

Ulrik Flo er einig.

– Alt som bryt med kvardagen er positivt for vår del. Og når du ser gleda ungane får av det, er det berre kjekt å gjere dette frivillig, seier han.

I løpet av halvannan time får ungane tett oppfølging og nyttige tips frå spelarar som Mahatma Otoo, Bjørn Inge Utvik og Hannu Patronen. Men høgdepunktet kjem mot slutten. Då får ungane prøve seg i kamp med og mot dei same spelarane.

Hedda Berntzen merka at det var eliteseriespelarar ute på bana.

– Dei dribla veldig og var veldig ego, seier ho.

– Den beste opplevinga eg har hatt

Etter treninga kan ho knapt vente med å fortelje kva ho har vore med på til resten av vennane.

– Det var veldig gøy og noko eg kan skryte av, seier Berntzen.

Draumedagen er eit samarbeid mellom Norsk Toppfotball og Canal Digital. Blant hundrevis av søknader frå heile landet, var det laget frå Breim i Gloppen som nådde fram.

Det er Sivert Gåsemyr glad for.

– Den beste opplevinga eg har hatt, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.