NRK Meny
Normal

Fekk sparken i Konfliktrådet – no krev han jobben tilbake

Justisdepartementet vil fjerne Bjarte Hauge frå stillinga si som leiar i Konfliktrådet i Sogn og Fjordane etter påstandar om omfattande og langvarige problem ved leiarstilen hans.

Bjarte Hauge, leiar for konfliktrådet i Sogn og Fjordane

GÅR TIL SAK: Bjarte Hauge har vore leiar i Konfliktrådet i Sogn og Fjordane sidan 2012.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Bjarte Hauge blei tilsett som leiar av Konfliktrådet i Sogn og Fjordane hausten 2012. I sommar vart han oppsagd etter at Justisdepartementet meiner han er «varig uskikket» til stillinga.

Bakgrunnen for oppseiinga, er ifølgje Regjeringsadvokaten, omfattande og langvarige problem med arbeidsmiljøet ved Konfliktrådet i fylket. Dette skal ha ført til både mistrivsel og mistillit blant både tilsette og meklarar. Samarbeidsproblema skal og ha ført til sjukmeldingar.

- Held ikkje fagleg mål

Hauge vert også skulda for å ha nedprioritert fleire kjerneoppgåver som ligg til stillinga hans: I eit skriv til Oslo tingrett skriv advokat Kari Sigurdsen, på vegner av Regjeringsadvokaten, følgjande: "Hans faglige utførelse av rollen som leder har vært betydelig lavere enn hva som forventes og kreves av en som innehar ein slik stilling."

Bjarte Hauge har no gått rettens veg for å få behalde stillinga. Han vil difor ikkje sjølv kommentere saka, då den skal opp i Oslo tingrett onsdag 22. februar. Han viser til advokaten sin, advokatfullmektig Elisabeth Dolva Sandøy i Arbeidsrettsadvokatene.

– Eg kan ikkje kommentere saka inngåande før rettsaka startar, men rettsleg sett er det ein svært høg terskel for å seie opp ein tenestemann i Staten. Hauge er usamd i at det ligg føre eit rettsleg grunnlag for å seie han opp frå stillinga si i Konfliktrådet. Vi meiner også at det er sakshandsamingsfeil som er med på å gjere vedtaket om oppseiing ugyldig, seier Sandøy.

Ueinig i påstandane

Ifølgje arbeidsgjevaren hans som er Staten, skal det ha vore manglar ved leiinga og samarbeidsevna, noko som har ført til mistillit og mistrivsel på arbeidsplassen. Fleire skal ha vurdert å slutte og fleire har vore sjukemelde. Ifølgje advokat Sandøy er Hauge usamd i dette.

– Eg kan ikkje kommentere saka noko meir enn det eg allereie har sagt. Men Hauge er ueinig i dei påstandane som ligg føre og at det skal danne grunnlag for å seie han opp.

Fekk tilbod om opplæring

– Det står også at han har overlate eit stort ansvar til medarbeidarane, medan han sjølv har vore passiv og lite deltakande. Arbeidsgjevaren viser også til at han ikkje har halde seg til arbeidstida og rutinane for timeregistrering. Kva er din kommentar til det?

– Eg kan ikkje kommentere saka. Vi har fire dagar i retten der vi skal gå gjennom desse spørsmåla. Det er arbeidsgjevar som har bevisbyrda for at desse forholda har skjedd. Vi kjem til å vise i retten at det har dei ikkje.

Staten meiner også at han har fått tilbod om opplæring og rettleiing, men at Hauge i staden for å følgje opp tiltaka og betre forholda, har valt å bruke ressursar på å imøtegå tilbakemeldingane. Heller ikkje dette vil advokaten hans kommentere noko meir enn at partane er usamde.

Er framleis leiar

Bjarte Hauge har sete i stillinga sidan han blei oppsagd i sommar.

– Ein har krav etter tenestemannslova og arbeidsmiljølova om å få stå i stillinga til saka er prøvd for domstolen. Den retten har Hauge nytta seg av og det har fungert fint, seier advokat Sandøy.

Det er sett av fire dagar til saka som startar onsdag, og begge partar har kalla inn fleire vitne.

– Det er ei omfattande vitneføring, seier Sandøy.

Advokat Kari Sigurdsen hos Regjeringsadvokaten ønskjer ikkje å kommentere saka.