NRK Meny
Normal

Atle starta og bygde opp hjørnesteinsbedrifta over 25 år - så fekk han sparken via epost

På eit kort møte fekk Atle Gandrudbakken ei liste med årsaker til at eigarane vurderte å sparke han. Kort tid etter fekk han sparken via epost.

Atle Gandrudbakken

FEKK SPARKEN: Atle Gandrudbakken slit med å forstå kvifor dei nye amerikanske eigarane ville fjerne han frå suksessverksemda han starta i 1988.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Det har gått eitt halvt år sidan den tidlegare daglege leiaren av Avery Dennison NTP, Atle Gandrudbakken, fekk sparken.

Kvifor han har hamna i den uverkelege situasjonen, har han framleis til gode å forstå.

– Plutseleg får du ikkje lov til å gå inn og seie farvel til kollegaene dine. Du får ikkje takke dei for alle åra vi har samarbeidd og alt vi har fått til. Køyrer eg til Gaupne, så veit eg at eg ikkje slepp inn porten. Eg trur dei fleste skjønar at det er grufullt å oppleve noko slikt, seier Gandrudbakken.

Ville kutte alle band

Det er ein svært kjensleladd Gandrudbakken som overfor NRK lettar på sløret om kva som skjedde då han fekk sparken frå suksessverksemda han starta i 1988.

Avery Dennison NTP

SUKSESS: Avery Dennison NTP starta med fire tilsette for 25 år sidan. I dag har 110 tilsette sin arbeidsplass her.

Foto: Eirik Hildal / NRK

For nokre år sidan selde han verksemda til eit amerikansk storkonsern , men heldt fram som dagleg leiar.

Brått ville dei nye amerikanske eigarane kutte absolutt alle band. Epost og telefon vart stengd, og han måtte hente tinga sine på eit lager.

– Utan noko etterløn, kompensasjon eller noko som helst. Eg vart berre sett på gata. På informasjonstavla åtvara verksemda tilsette om å kontakte meg på sosiale medium. Dei aller fleste vennane mine er folk som arbeidar på verksemda. Det er folk eg har jakta med, reist med, festa med og hatt sosial omgang med. Det er ein tung situasjon, fortel han.

Suksesshistorie

Verksemda har sidan starten med fire tilsette spesialisert seg på trykking av merke på tekstilar.

Det har vore ei suksesshistorie og verksemda har i dag 110 tilsette i Gaupne.

– Så blir eg plutseleg presentert for ei rekkje merkelege punkt, som dei påstår skal vere kritikkverdige. Det mest bagatellmessige var at sonen min kjøpte knivar til ein grasklippar for 120 kroner. Fakturaen vart sendt feil, til NTP, noko seljaren har beklaga, seier Gandrudbakken.

Vanskeleg avgjerd

Shawn Neville

VANSKELEG: Shawn Neville er ein av presidentane i Avery Dennison NTP.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Shawn Neville i Avery Dennison NTP vil ikkje kommentere detaljar i saka eller sparkinga, men seier dei alltid prøver å vere rettferdige.

Han er ein av presidentane i konsernet, og var nyleg på besøk i Gaupne.

– Alle avgjerder vi tek, skal vere rettferdige. Det var ikkje i vår interesse å gjere store endringar her, for vi har opplevd stor suksess her og vil oppleve stor suksess her i framtida, seier Neville til NRK og legg til at det var ei vanskeleg avgjerd.

Han seier også at dei respekterer suksessen Gandrudbakken har hatt med verksemda.

– Ingenting er stole

For den tidlegare daglege leiaren i Luster er situasjonen likevel uverkeleg. Han slit framleis med å forstå den lange lista med punkt dei amerikanske eigarane meinte var kritikkverdig.

At han hadde medisinsk forsikring dekka av jobben, at han brukte firmabilen for mykje, at han kjøpte ein TV-skjerm frå verksemda og at han lånte verktøy.

– Alt som er lånt ut og skulle leverast tilbake, er levert tilbake som avtalt. Ingenting er stole, ingenting er underslått. All eposten min er teken av verksemda, så eg kan ikkje vise til kommunikasjon som har vore om dei ulike tinga, seier Gandrudbakken.

Snakka med leiarar

Han fekk også kritikk for å ha snakka med sine underleiarar på fabrikken i Gaupne om kva som skjedde.

– Eg fortalde at eg opplevde det som ein «skitpakke», at eg undra meg over kvifor eg vart sagt opp og kva som ligg bak dette. Eg oppfatta det som normalt å snakke med mine leiarar. Eg har alltid gjort det, seier han og held fram.

– Men beskjeden frå USA var at det ikkje var akseptabelt å informere mine leiarar om kva som var i ferd med å skje, seier han og vedgår at to av den opphavleg 19 punkt lange lista er korrekte.

Fekk hjarteproblem

Verksemda betalte for to internettdomene han har nytta privat, men Gandrudbakken seier dette ikkje var dyrt og ikkje hemmeleg. På ein tur til Mongolia gav han også eit sett med arbeidsklede til ein verdi av 2.000 kroner til ein fattig familie.

Gandrudbakken har vore sjukemeld med hjarteproblem sidan han fekk sparken. Til trass for mykje tid til å gruble, slit han med å forstå.

– Det er så uverkeleg og fjernt, så eg klarer ikkje å konkludere med kvifor dei vil ha meg vekk. Etter alle desse åra der vi har levert så gode resultat og blitt skrytt så opp i skyene. Plutseleg over natta finn dei ut at «han» skal vekk.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.