Hopp til innhold

Fekk søknad frå 35 kulturidear

Heile 35 søknader kjempar om å bli årets kulturidé i Sogn og Fjordane. No skal juryen plukke ut 10 finalistar.

Vurderer søknadane til "Årets kulturidé".

JURYEN: Musikar Laila Beate Førde, leiar Pål Fidjestøl i sparebankstiftinga og Steinar Fredheim som leiar for Distriktsenteret i Sogndal. Dei tre skal plukke ut ti finalistar som for moglegheit til å vinne 100 000 kroner.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Saman med Sparebankstiftinga leitar NRK Sogn og Fjordane etter den beste kulturidéen i fylket. Den som vinn, stikk av med 100 000 kroner.

Leiar Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga har i ettermiddag gått gjennom søknadsbunka saman med dei to andre i juryen; musikar Laila Beate Førde og Steinar Fredheim som leiar for Distriktsenteret i Sogndal.

– Vi har fått inn 35 veldig interessante søknader. Dei har forskjellig bakgrunn, ambisjonar og fokus. Nokre har presenterte ideen på to linjer medan andre har skrive mange sider, fortel Fidjestøl.

Han seier at føremålet med kåringa er å løfte fram i lyset eldsjelene som står bak arrangement som er til glede for svært mange menneske

Jurymedlem Laila Beate Førde seier at det er snakk om eit utvida kulturomgrep i mange av søknadene.

– Det er veldig spennande og eg har funne mange interessante søknader i bunka, seier ho.

Ønskjer ville idear

Steinar Fredheim fortel at dei ser etter dei ville ideane som kan bli noko spektakulært og som kan skape breiddeaktiviet i bygda eller kommunen.

– Vi legg vekt på at kulturideen kan skape attraktivitet for kommunen og engasjere folk.

– Er det slike søknader i bunka de har fått i dag?

– Ja, det er det absolutt. Ikkje alle er slik, men dei finst.

Du kan røyste på din favoritt

No skal i utgangspunktet 10 finalistar plukkast ut, men det kan bli færre eller fleire.

– Dersom vi klarer å bli einige, går vi for 10. Dei blir presenterte måndag og då kan folk røyste på sin favoritt på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. Kvar enkelt av finalistane blir også presenterte i radiosendinga i vekene framover, seier Pål Fidjestøl.

Blir kåra under Balejazz

Fredag 11. mai skal vinnaren kårast i ei direktesending frå Balestrand i samband med Balejazz. Dei røystene som kjem inn skal saman med juryen peike ut «Årets kulturidé 2012».

Vinnaren får 100 000 kroner og Laila Beate Førde seier dette vil komme godt med for dei som vinn.

– Ja for dei som får pengane, vil det vere til god hjelp.