NRK Meny
Normal

Fekk sju månadar bak murane

Over ein periode på to år gjorde nordfjordingen seg skuldig ei rekke kriminelle forhold. No må mannen i fengsel.

Mannen møtte i retten tiltalt for ei rekke brotsverk i perioden mellom mai 2014 og august 2016.

Retten har funne mannen skuldig for å ha drapstruga far sin fleire gongar både over internett, og direkte.

Men frifann mannen for ha sendt trugande tekstmeldingar til faren.

Nordfjordingen er og dømd for å truga to sjukepleiarar ved to ulike høve då dei ikkje gav han medisinar han ønskte.

Mannen er og dømd for å ha oppbevart to luftgevær i heimen, utan å ha løyve til det, og for å ha brukt cannabis og amfetamin.

Nordfjordingen er og funnen skuldig i å ha slått ein mann i andletet i sommar, han er og dømd for å fysisk sett seg til motverje då politiet skulle arrestere han.

Mannen er no dømd til sju månader fengsel, der 100 dagar vert rekna som sona i varetekt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.