Hopp til innhold

Fekk sjeldan tropisk fugl på besøk

På Bulandet fekk dei eit svært sjeldant besøk frå Nord-Afrika i helga, då den tropiske fuglen blåkinnbietar plutseleg dukka opp. – Det er smått sensasjonelt, seier ornitolog.

Blåkinnbieter

PÅ BESØK: Blåkinnbietar er ein fargerik, tropisk fugl.

Foto: Anders Braanaas

Då Kurt Rutledal kom heim frå fjelltur fredag ettermiddag såg han ein fugl han syntest var noko spesiell.

– Først lurte eg på om det var ein burfugl som hadde rømt, den var så fargerik. Då eg ringde til den lokale ornitologen vart han stum. Då skjønte eg at dette var ein uvanleg fugl, fortel Rutledal, som bur på Bulandet i Sogn og Fjordane.

Andre gongen i Noreg

Anders Braanaas er hobbyornitolog og bur på Værlandet, naboøya til Rutledal. Han reiste ut for å sjå fuglen med ein gong.

– Dette er ein veldig spesiell fugl. Den er heilt nydeleg rett og slett.

Det viste seg å vere ein blåkinnbietar.

Blåkinnbieter

SJELDAN: Besøket av denne fuglen fekk mange fuglekikkarar til å reise til Bulandet i helga.

Foto: Anders Braanaas

– Den er supersjeldan. Den høyrer til heilt aust for Middelhavet mot Iran og Irak, og i Nord-Afrika. Den heiter bieter fordi den et bier, seier Braanaas

Dette er andre gongen ein slik fugl blir sett i Noreg. Førre gong var i 1998 utanfor Bergen.

Kanskje finn den vegen heim

Nyheita om den spesielle fuglen spreidde seg raskt. Allereie same kveld som den vart oppdaga, kom dei første fuglekikkarane til Bulandet. Dei ringde og frå eit fugleblad i Nederland for å få bilete av fuglen.

– Det kom folk frå Austlandet og Rogaland. Det var til og med ein som sette seg i bilen og køyrde frå Finnmark for å sjå fuglen. Han rakk det akkurat.

For sundag ettermiddag flaug blåkinnbietaren vidare.

– Kor den reiste er heilt umogleg å seie. Er det ein vaksen fugl så vil den kanskje klare å navigere seg tilbake. Er den ung og ikkje har så mykje erfaring, vil den mest sannsynleg omkomme av kulde og regn etter kvart, fortel Braanaas.

Kan ha følgt den varme lufta

Braanaas trur fuglen har følgt varme luftstraumar opp til Noreg.

– Fuglar kjem rett som det er på avvege. Det kan vere den har følgt med ein flokk. Kanskje vêrforholda har hatt noko å seie, det har vore varme luftstraumar i lang tid og fuglen liker seg i tørre og varme omgivnadar.

Alv Ottar Folkestad

OVERRASKA: Alv Ottar Folkestad i Norsk Ornitologisk Forening vart overraska då han høyrde om den sjeldne gjesten. 

Foto: Arne Flatin / NRK

– Oi jøss og jøye meg. Det er jo smått sensasjonelt, seier Alv Ottar Folkestad i Norsk Ornitologisk Forening, då han får høyre om den sjeldne gjesten.

– Dei fleste som er fugleinteresserte blir begeistra for å sjå denne eksotiske flammen, seier han.

Folkestad trur også fuglen kan ha følgt dei varme luftstraumane nordover.

– Det er jo sagt at så lenge fuglane har to vengjer og dei kan velje, så er dei i stand til å bevege seg over vanvitige avstandar. Det fasinerande er at dei dukkar opp. Då må ein glede seg over opplevinga av å få sånne eksotiske gjester.

Blåkinnbieter

BULANDET: Fuglen dukka opp på Bulandet på fredag.

Foto: Anders Braanaas