Hopp til innhold

Fekk sjansen med tidenes yngste

Ørjan Hopen (19) fekk den gode debuten frå start som han hadde håpa på.

Ørjan Hopen

ENDELEG: Ørjan Hopen fekk sin første eliteseriekamp frå start mot Haugesund.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med både Henrik Furebotn og Eirik Bakke skadd, fekk 19-åringen sjansen på sentral midtbane mot Haugesund.

Og den uredde ungguten viste både innsatsvilje og duellkraft.

– Han har vore god i det siste og fortente plass i startoppstillinga. Eigentleg presterer han meir enn det eg hadde venta, seier Harald Aabrekk etter 3-1-sigeren.

Vart sliten

Sogndal stilte med tidenes yngste tropp til oppgjeret mot Haugesund. Snittalderen på spelarane som starta kampen var 22 år og 324 dagar.

Det vart ingen mål på Hopen, men han viste ved fleire høve at han er ein duellsterk spelar.

– Først og fremst vart eg sliten, men eg føler vi har grei kontroll. Vi får tidleg 0-1, men får ein liten boost med 1-1. Og så treff vi med avslutningane, seier han.

Eitt år sidan sist

Sist Hopen starta ein kamp for Sogndal var borte mot Moss i juli i fjor. Han har fått nokre innhopp i eliteserien, men oppgjeret mot Haugesund var hans første frå start.

For 19-åringen var det etterlengta å endeleg få starte.

– Ja, eg har håpa på sjansen, men har vore tolmodig og prøvd å jobbe hardt på trening. Eg visste den ville komme til slutt, seier han.