Fekk siste ungdomsstipend i Jølster

Elias Eide (18) fekk siste ungdomsstipend i Jølster kommune. Frå 1.januar 2020 går Jølster inn i den nye storkommunen Sunnfjord. Under Jølster sitt siste kommunestyremøte fekk 18-åringen tildelt prisen. – Eg vart veldig overraska og glad då eg fekk vite det. Det er sjølvsagt veldig stas å få den siste prisen i Jølster, seier han til NRK. Stipendet fekk han for sin innsats som fotballdommar og for kulturliv. Eide spelar trekkspel og er med og arrangerer Skei-Treffen. Han fortel at prisen motiverer han til å halde fram med å engasjere seg for både idrett og kultur. – Elias tek nye utfordringar på strak arm. Han er eit godt førebilete for andre unge i Jølster for sitt samfunnsengasjement, sa ordførar Oddmund Klakegg under utdelinga av ungdomsstipendet.

Elias Eide får siste ungdomsstipend i Jølster kommune
Foto: Arne Stubhaug / NRK