Hopp til innhold

Retten skjerpa straffa i mannens femte promilledom

Mannen i 40-åra nytte alkohol til langt på natt, og starta dagen etter med alkohol. Så sette han seg bak rattet ...

Køyreturen i august i fjor resulterte i sunnfjordingen sin femte dom for promillekøyring. Det var også tredje gang han vart teken for å ha køyrt bil utan førarkort.

Fjordane tingrett fann difor god grunn til å reagere strengt mot mannen.

– Slik køyring er svært farleg, og skjer det ei ulukke så råkar den ofte vilkårleg og like gjerne uskuldige trafikantar eller fotgjengarar som den som køyrer påverka tilstand, skriv dommarfullmektig Hanne Katrine Mundal.

Blodprøve teken halvannan time etter køyreturen viste ein promille på 1,48. Han vedgjekk å ha drukke til langt på natt, og at han etter å ha sove nokre timar starta dagen med meir alkohol før han sette seg i bilen.

Også etter køyreturen nytte mannen noko alkohol.

Retten meinte påtalemakta sitt forslag om fengsel i 90 dagar var for mildt. Dermed landa dei på 120 dagar, der 90 dagar vart utsett med prøvetid på to år. Vilkåret for utsettinga er at sunnfjordingen gjennomfører eit program mot rusa køyring.

Dette er noko han var motivert for. I tillegg blir mannen på nytt frådømd førarretten for alltid.