Hopp til innhold

Hadde køyrt i 20 minutt - så fann laget ut at dei mangla trenaren

– Det var nok litt dårleg kommunikasjon som gjorde at bussen køyrde ifrå han, seier Ulrik Flo etter at Harald Aabrekk måtte ta ei ufrivillig natt i Haugesund.

Ulrik Flo

REISTE FRÅ TRENAREN: Ulrik Flo og dei andre spelarane på Sogndal gløymde at trenar Harald Aabrekk gjerne ville bli med heim igjen til Sogn...

Foto: Rune Fossum / NRK

– Harald plar som regel å vere sistemann inn i bussen, og han køyrer ofte bil sjølv. Då kan det bli litt kluss - og denne gongen var det dårleg kommunikasjon, seier Ulrik Flo.

Han spelte onsdag heile kampen, då Sogndal tapte 4-0 borte mot Haugesund.

– Det er sånt som skjer...

Etter det tunge tapet vart trenar Harald Aabrekk ståande og snakke med heimelaget sin eigen TV-kanal – og han må ha teke seg god tid til å svare på spørsmål.

For i mellomtida forlet spelarbussen til Sogndal like godt stadion. Dei sette med ein gong kursen mot heimlege trakter. Tilbake stod Aabrekk og ante ingenting.

– Det er sånt som skjer. Eg har også blitt gløymt att. Om ein brukar lang tid, blir det gjerne mistolka som at du kanskje skal vere igjen, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Aabrekk

PÅ GAMLE TRAKTER: Harald Aabrekk har tidlegare vore trenar for Haugesund, og hadde kanskje ikkje så mykje imot å bli igjen i byen...

Foto: Rune Fossum / NRK

Fekk seg ein latter, trass alt

– Kor langt var de komne, før de oppdaga at han mangla i bussen?

– Eit kvarter, kanskje 20 minutt. Først trudde vi det var ein spøk, fortel Flo.

– Så fekk vi høyre at han skulle ta taxi til den første ferja, men det er eit nokså langt stykke. Så det heile enda med ein god latter, smiler han.

LES OGSÅ:

Spelargruppa til Sogndal fekk med andre ord ein aldri så liten opptur likevel - trass tunge 4-0 på bortebane...

NRK har utan hell prøvd å få ein kommentar frå Harald Aabrekk.