Hopp til innhold

Så glad blir ein for pengar til ny hall i bygda

Eikefjordingane kunne tysdag kveld sleppe jubelen laus, etter at eit samrøystes bystyre i Flora gjekk inn for å byggje både ny skule og fleirbrukshall i Eikefjord.

Jubel i Flora

FULL JUBEL: Brigt Samdal (t.v.) kunne sleppe jubelen laus etter møtet tysdag kveld. Lars Terje Standal, leiar i Eikefjord IL, får ein god klem frå tidlegare ordførar, Bente Frøyen Steindal.

Foto: Odd Asle Endestad / eikefjord.net

– Det er veldig bra, det kan føre til meir aktivitet her i Eikefjord, i staden for at alle må ut til Florø for å gjere ulike ting. Vi slepp å dra til Førde og treng ikkje å dra så langt for å gjere ting, fortel ungdomar NRK møtte i Eikefjord før i dag.

Bygdefolk og organisasjonar i bygda har sjølv samla inn kring sju millionar kroner til prosjektet, som har ein totalkostnad på om lag 23 millionar.

– Når vi har fått avklart alle spørsmåla i forhold til økonomi, så var det berre å brette opp ermene og gyve laus. Bygda og lokalt næringsliv har reagert på ein fantastisk måte, seier leiar i bygdeutvalet, Brigt Samdal, til NRK.

Etter at bystyret samrøystes gjekk inn for både skuleløysing og hall kunne Samdal puste letta ut.

Det var etter at bystyret i Flora vedtok bygging av ny skule, at planane om fleirbrukshall i Eikefjord verkeleg fekk fart på seg.

– Eg synest bygda har vore heilt fantastisk, med så mykje støtte frå ulike lag i Eikefjord. Eg trur vi klarer å kome i mål ganske fort. Vi treng verkeleg denne hallen for å få betre miljø. Det kan hjelpe heile Eikefjorden, og vi fortener det, seier dei glade ungdomane i byda til NRK.