NRK Meny
Normal

Fekk rydda raset på Flåmsbana

Steinar rasa ned på togskinnene og stengde ein kort periode Flåmsbana.

Flåmsbana - lokomotiv ut av tunnel

Flåmsbana. Illustrasjonsfoto

Foto: Steinar Lote / NRK

Ifølgje augevitne skal det ha gått ras ved eller over sporet. Det viste seg etter kort tid at dette var steinar som hadde rasa ned, og som kunne ryddast relativt enkelt vekk.

Ved Flåm stasjon har det søndag vore ein del turistar, men ettersom stenginga var kortvarig vil dei ikkje merke særleg til forsinkinga som har oppstått.

Laster Twitter-innhold