NRK Meny
Normal

Fekk rusa biltjuv rett i fronten: - Eg trudde først han var død

Rolf Arne Auganæs opplevde alle langtransportsjåførar sitt store mareritt. Ein ruspåverka bilførar mista kontrollen og køyrde rett i fronten på vogntoget.

Ulukke Øye i Valdres

FRONTSMELL: Den stone Audien hamna i grøfta etter smellen med vogntoget frå Sunnfjord.

Foto: NRK-tipsar

– Eg kom køyrande oppover. Passerte to campingvogner, og bak der låg ein Audi. Då eg hadde passert siste campingvogna, så skar Audien ut og køyrde rett i trynet på lastebilen, fortel Auganæs til NRK.no.

Det var sist torsdag lastebilsjåføren frå Nistad Transport frå Sande opplevde marerittet.

Klokka hadde akkurat passert 18.30 og på E16 i Øye i Valdres skjer det ein håpar aldri skal skje.

Fekk personbil rett i fronten

Rolf Arne Auganæs

STYGG OPPLEVING: Rolf Arne Auganæs fekk biltjuven midt i fronten.

Foto: Privat

– Etter samanstøyten går personbilen kast i kast bakover. Han hadde slik fart at han ikkje greidde å stoppe før han hamna i skogen. Eg var overtydd om at sjåføren var drepen.

I sine åtte år som langtransportsjåfør, har han aldri tidlegare opplevd å få ein bil i fronten på denne måten. Men blant kollegaene vert det ofte snakka om kva som kan skje – oftast i brøkdelen av eit sekund.

Ville stikke av frå ulukkesstaden

Heldigvis var ikkje føraren av Audien død. Før Rolf Arne har kome seg ut av førarhuset på lastebilen, har den andre bilføraren kome seg ut av vraket. Han virrar rundt og vil gå frå staden.

Då ein tenestemann frå lensmannskontoret i Vang kjem til staden, syner det seg at føraren av Audien er rusa.

Men ikkje nok med det, bilen han køyrer er stolen og politiet mistenkjer no mannen for å ha køyrd i ruspåverka tilstand heile vegen frå Bergen til Valdres via Lærdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntoget fekk store skader i smellen

STORE SKADER: Vogntoget fekk store skader i ulukka, og lastebilsjåføren frykta lenge at det hadde gått skikkeleg gale med føraren av personbilen.

Foto: NRK-tipsar

Bør vere strengare

– Han verka jo forvirra, men me forstod jo etter kvart at han rett og slett var sløva ned, seier trailersjåføren frå Sande. Han var berre sjeleglad for at føraren av personbilen var i live.

No i dagane etter har Rolf Arne Auganæs gjort sine tankar om folk som set seg bak rattet i påverka tilstand, og hans dom er knallhard.

– Dei som køyrer i fylla burde aldri hatt retten til å koma seg ut på vegen att. Når ein fyrst har blitt teken for fyllekøyring ein gong, burde ein aldri hatt retten til å køyre bil igjen, seier lastebilsjåføren og legg til:

– Eg synest det er jækla dumt, når du tenker på kva ein kan møte på. Hadde det vore ein familie som hadde fått han i fronten, så hadde den familien vore daude. På ein måte så er eg svært glad at det var ein lastebil han trefte, seier han ettertenksamt.

tabell 2
Foto: n13577

– Uansvarleg

Leon Nordanger

MANGEL PÅ ANSVAR: Distriktssjef i UP, Leon Nordanger meiner bilistar som køyrer i rusa tilstand er svært uansvarlege.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det er Hordaland politidistrikt som har teke over etterforskinga av det som skjedde i Valdres sist torsdag, og politiet ønskjer ikkje å kommentera denne konkrete saka enda.

Men distriktssjef i Utrykningspolitiet, Leon Nordanger, slår på generell basis fast at køyring i ruspåverka tilstand er noko av det mest uansvarlege ein kan gjera i trafikken.

– Mitt synspunkt på at folk set seg bak rattet i ruspåverka tilstand er at det er fullstendig mangel på ansvar. Vi veit at rus gjev nedsett reaksjonsevne og vi veit at rus påverkar adferden vår, seier Nordanger og legg til:

– Heldigvis er ruspåverka køyring ikkje akseptert i landet, og det er eg veldig glad for. Vi treng stor bistand frå publikum til å melde frå om ruspåverka køyring.

(Artikkelen held fram under biletet)

Personbil med rusa førar krasja inn i lastebil

SKADD: Føraren av personbilen vart frakta til sjukehus med mellom anna kragebeinsbrot etter ulukka.

Foto: NRK-tipsar

Stor kampanje

Saman med den internasjonale organisasjonen for trafikkpoliti (Tispol), har politiet denne veka ein stor kampanje der dei set fokus på ruskøyring.

– Tanken bak er at det faktisk er i den varme årstida det er flest promillekøyrarar ute på vegen, fortel UP-sjefen.

– Dette kunne gått mykje verre

I Valdres herska det kaos då den stolne Audien smelte rett i fronten på lastebilen. Ein av mange front mot frontulukker kvart år. Eit vitne til ulukka meiner det berre var flaks at det ikkje gjekk liv.

– Tenk om den rusa sjåføren hadde treft ein liten familiebil i staden? Då hadde dette fort blitt ei dødsulukke. Og hadde ikkje den rusa føraren sjølv køyrd ein ny og sikker bil, kunne han også fått langt meir alvorlege skader. Det er berre flaks at dette ikkje gjekk mykje verre, fortel vitnet til NRK.no.

Ho seier dei raskt merka at sjåføren av Audien var rusa.

– Han lukta alkohol og oppførselen hans var veldig mistenkjeleg.

– Håpar det er første og siste gong

For vogntogsjåfør Rolf Arne Auganæs har dei siste dagane vore prega av tankar om korleis dette kunne gått, dersom den rusa føraren anten hadde treft lastebilen enda hardare – eller treft ein annan personbil.

Sjølv valde Rolf Arne å leggja ut at på vegen alt same kvelden.

– Det er jobben min, difor byrja eg å køyre att same kvelden. Ein kan jo ikkje tenkje at det skjer igjen, då vert ein jo gal til slutt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.