NRK Meny
Normal

Fekk røyr på 1,5 tonn over seg

Ein mann i 30-åra fekk alvorlege brotskadar då eit 12 meter langt røyr fall ned frå lagringsplassen og trefte mannen i leggen.

Røyrlager på fjordbase i Florø

FEKK BROTSKADE: Ein arbeidar ved Saga Fjordbase i Florø vart alvorleg skadd i ei ulukke måndag føremiddag. Ulukka skjedde i samband med stabling av røyr.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Klokka 11.30 måndag føremiddag vart mannen sendt til sjukehus med det som vart omtala av AMK som alvorlege skader. Ulukka skjedde på Saga Fjordbase sitt område i Florø. Då arbeidarane på basen skulle stable røyr gjekk det gale.

– Vi jobbar med alt mogleg av utstyr inne på basen. I dette tilfellet her var det nokre produksjonsriser, som er ein type røyr, som skulle stablast i det vi kallar stu. Ved stablinga i andre rekke så var det ein som fall ned og landa på leggen til ein av dei som jobba med saka, seier fungerande dagleg leiar ved Saga Fjordbase, Leif Arne Stavøstrand.

Ser alvorleg på ulukka

Arbeidaren fekk brotskadar i leggen då han vart treft av røyret som er mellom 1400 og 1500 kilo tungt og nær 12 meter langt. Røyret fall ned frå lagringsplassen som låg på bakken og fallhøgda var kring 40 centimeter.

Stavøstrand var ikkje sjølv til stades då ulukka skjedde, men var på plass 5–10 minuttar etterpå. Han seier dei ser svært alvorleg på ulukker som skjer på deira område.

(Saka held fram under biletet)

Fjordbase på Botnaneset i Florø.

GRANSKAR ULUKKA: Ulukka på Saga Fjordbase sitt område på Botnaneset i Florø skal granskast både internt og av Arbeidstilsynet.

Foto: unknown / NRK

– Eit beinbrot er kanskje ikkje tenkt på som alvorleg av mange, men for oss er det alvorleg nok uansett. Det er ikkje noko vi har lyst skal skje hos oss, sjølvsagt.

– Kunne alltid vore gjort meir

– Kunne noko ha vore gjort annleis for å ha unngått ulukka?

– I slike situasjonar der ei ulukke skjer veit ein allereie at det har gått lenger enn det skal. Granskinga kjem til å vise kva som låg bak og kva som kunne vore gjort annleis. Men det kunne alltid vore gjort meir, det er det ikkje tvil om, seier Stavøstrand.

Ulukka skal granskast både internt og saman med Arbeidstilsynet og politiet, ifølgje han.

– Når vi har den type hendingar melder vi alltid frå både til politi og Arbeidstilsynet. No er det heldigvis sjeldan det skjer, men det er rutine å varsle uansett.

Stavøstrand seier det er for tidleg å konkludere rundt kvifor dette kunne skje.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote