Hopp til innhold

Fekk røykskader i brann i Svelgen

Fire personar fekk røykskader i brannen i omsorgsbustaden i Svelgen søndag kveld. Ein av desse vart sende til sjukehus. Brannen som starta på utsida av bygningen vart raskt sløkt og alle sju personane som er registrerte på adressa er gjort greie for, opplyser politiet.