Ifølgje NTB, som har sitert Sogn Avis, er Sogndal-trenar Jonas Olsson skuffa over spelarane. Dahlin og Næss lund blei observert rusa i Sogndal sentrum natt til torsdag.
– Dette er noko vi reagerer sterkt på. Det skal ikkje skje at spelarar er ute og konsumerer alkohol på denne tida av døgnet. Eg er overraska og skuffa over at dette skjedde, seier Olsson til Sogn Avis.
I følgje NTB og avisa var det eit oppvaskmøte torsdag der spelarane fekk klar beskjed om at noko slikt kun kan skje éin gong.
– Skjer dette igjen, spelar dei ikkje for Sogndal meir. Alle kan gjere feil, men dette er ikkje noko vi kan stå for, seier Sogndal-trenaren til Sogn Avis.
Sogndal møter Vålerenga heime i morgon til det som må kallast ein skjebnekamp for vidare kontrakt i eliteserien. Både Dahlin og Næss Lund er høgst aktuelle for laget.
(NTB)