Hopp til innhold

Fekk raskt kontroll på lyngbrann

Brannvesenet rykte i 21-tida tysdag kveld ut til ein lyngbrann på Klavelandet i Florø. Brannen kan ha starta av ein sneip.

Lyngbrann på Klavelandet i Flora

LIKE VED RASTEPLASS: Det byrja brenne i terrenget ved rasteplassen ved Klavelandet i Flora, men denne vart til all hell raskt sløkt.

Foto: Truls Kleiven

– Vi har førebels ikkje heilt oversikta, sa vaktleiar Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane like over klokka 21.

Han fortalde at meldinga gjekk ut på at det brann på nedsida av riksveg 5.

– Det skal vere eit område på ein fire-fem kvadrat som brenn no, men det er tørt i lyngen, sa Rysjedal som fortalde at brannvesenet til Florø var sende til staden.

Kor tid etter melde brannvesen og politi at lyngbrannen var under kontroll.

– Det har roa seg på staden, og brannvesenet er no framme og vil ha på vatn, seier Rysjedal til NRK.no klokka 21.15.

Han seier det er i området ved rasteplassen på Klavelandet det har byrja brenne. Dette kan ha vore hell i uhell, då det skal mykje til for at brannen hadde spreidd seg over riksvegen og opp i terrenget på oppsida.

– Vegen utgjer ei god branngate, og det er også ein del fjellhamrar der. Så det måtte i så tilfelle bra med vind til, seier vaktleiaren.

Ifølgje politiet kan brannen ha starta på grunn av uforsiktig omgang med sneipar. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane åtvara tidlegare i dag mot svært stor skogbrannfare, og bad folk vere svært forsiktige med open eld.