Hopp til innhold

Fekk raskt kontroll over brann i rekkehus

Brannen i rekkehusværet i Havreneset i Florø er no sløkt. Ingen personar vart skadde, opplyser politiet.

Brann i rekkehus i Florø.

TETTBYGD: Under brannen måtte nabohusa evakuerast.

Foto: NRK-tipsar.

– Det er ingen som er meldt sakna. Røykdykkarar har og vore inne i huset og sjekka at der ikkje er folk, opplyser operasjonsleiar hos politiet, Kai Henning Myklebust, til NRK.

Brannmannskap frå både Florø og Eikefjord rykka ut då meldinga kom klokka 17.45. Ein halvtime etter at politiet fekk melding om mykje røyk frå husværet, var brannen sløkt. I halv sjutida tysdag kveld går det føre seg utlufting. Ifølgje politiet er det førebels ikkje råd å bu i huset.

Sjølv om det raskt synte seg at det ikkje var fare for at brannen skulle spreie seg, vart likevel nokre nabohusvære evakuerte. Naboane har no fått kome heimatt.

Havreneset i Florø