NRK Meny
Normal

Fekk raskt kontroll over brann i omsorgsbustad

Fire personar fekk røykskader i brannen i ein omsorgsbustad i Svelgen sentrum søndag kveld.

Laster kart, vennligst vent...

– Det var folk i huset då det byrja å brenne. Alle kom seg ut, men vi har fått opplyst at fleire har pusta inn ein god del røyk, seier vaktleiar Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Florø.

Ifølgje politiet er det registrert sju personar på adressa, der det byrja å brenne på utsida av omsorgsbustaden i andre etasje. Alle vart raskt gjort greie for, og tekne hand om av helsepersonell. Tre fek helsehjelp på staden, medan ein pleiar vart send til sjukehus.

Sjølv om det var på utsida det brann, vart heile huset raskt fylt av røyk.

Aune seier at brannen vart raskt sløkt. Søndag kveld pågår det utlufting av huset. Han kan ikkje seie noko om brannårsaka.

Alarmsentralen vart varsla via ein automatisk alarm klokka 20.30 søndag kved. Mannskapa var raskt framme då huset ligg rett attmed verket der brannvesenet held til.