Hopp til innhold

Blei verande i bilen under tunnelbrannen - slapp unna alvorlege røykskadar

Dei som blei verande inne i bilane sine under brannen i Gudvangatunnelen i fjor, blei truleg mindre utsette for røykskadar enn dei som gjekk ute i den giftige røyken.

Trygve Klakegg

BLEI I BILEN: Trygve Klakegg frå Os blei verande i bilen sin då vogntoget stod i brann nokre hundre meter lenger framme. Dermed slapp han unna alvorlege røykskader. Han låg to døgn på Lærdal sjukehus før han fekk reise heim.

Foto: Marie Havnen

Det er ein av konklusjonane i ein evalueringsrapport frå Statens vegvesen. Tidlegare i veka har NRK.no fortalt om folk som har fått seinskadar etter at dei gjekk i to til tre timar i tjukk røyk for å koma seg ut av tunnelen.

Midt i kaoset inne i tunnelen prøvde også Trygve Klakegg frå Os snu for å koma seg tilbake til Gudvangen, men då var det for seint.

– Før eg hadde greidd å snu bilen, var det heilt svart. Det var så svart at ikkje såg nokon ting sjølv om lysa var på. Eg rygga i fjellveggen på eine sida og i noko anna på andre sida. Etter kvart fann eg ut at det ikkje gjekk, fortel han.

Lytta til råd frå kona og 113

Trygve Klakegg var på veg til kona og hytta i Valdres 5. august i fjor då han blei fanga i røykkaoset vel åtte kilometer inne i Gudvangatunnelen. Nokre hundre meter lenger framme hadde eit vogntog teke fyr, og i løpet av nokre få sekund kom røyken farande over Klakegg og dei andre bilistane som stod på Gudvangen-sida av brannen.

– Eg blei veldig redd, seier han.

Medan Klakegg hadde prøvd å snu bilen, kom det mykje røyk inn i kupeen. Han tok telefonen og ringde kona og lurte på kva han skulle gjera. Svaret han fekk, skulle bli avgjerande.

– Ho sa eg skulle ringja 113. Ho sa også at eg ikkje burde gå ut av bilen. Personen ved akuttmottaket 113 sa det same. Vedkommande spurte om det var røyk i bilen, og eg fekk beskjed om å leggje meg ned på golvet. Det var nok eit veldig godt råd, seier han.

Klakegg trekte dei to framseta så langt fram dei kom og la seg ned på golvet framføre bakseta. Han tok vekk gummimattene for å få nasen så langt ned som mogleg. Han tenkte det ville auka sjansane for å overleva.

Men det var ikkje alle i tunnelen som fekk det rådet Klakegg fekk frå kona og personen på alarmsentralen. Tidlegare i veka har det kome fram at mange har fått seinskadar etter ulukka. Midt i kaoset såg dei ein brann som sperra den kortaste vegen ut av tunnelen mot Flåm.

Mange fekk panikk

Britt-Linda Klaussen

GJEKK I TUNNELEN: Britt-Linda Klausen og sambuaren valde å gå ut same vegen som dei kom. Ho seier at mange fekk panikk i tunnelen.

Foto: NRK

Utvegen blei då å gå dei over åtte kilometerane attende til Gudvangen i tjukk, giftig røyk. To av dei som gjorde det, var Britt-Linda Klausen og sambuaren.

– Det som er viktig å få fram, er kort fort ting skjedde. Det blei panikk og det høyrde eg. Folk ropte og skreik og vi såg at det brann. Vi frykta eksplosjon og blei einige om å gå ut same vegen som vi kom, fortel ho.

Den same avgjera tok Valerie Louis og familien. Gåturen tilbake til Gudvangen tok nesten livet av både den franske familien, Britt-Linda Klausen og sambuaren hennar.

– Etterpå høyrde eg at me skulle ha blitt verande i bilen og venta på redningsfolka der, fortel Valerie Louis. Men det var det ingen som fortalde oss, så i den kaotiske situasjonen gjorde me det me trudde var det beste, seier den franske kvinna.

Høyrde eksplosjonar

Leitar i mørket

REDNINGSMENN: Brannmannskap leita etter folk i tunnelen.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK
Gudvangatunnelen

UTBRENT: Slik såg vogntoget ut etter brannen var sløkt.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Tilbake i bilen sin låg Trygve Klakegg og hunden hans, som instinktivt hadde gjort den same eigaren. Medan Klakegg låg der og pressa nasen mot bilgolvet, høyrde han eksplosjonar frå det brennande vogntoget, og frå tid til annan menneske som gjekk i bilen hans og folk som skreik.

Det var òg ein bil som køyrde i bilen til Klakegg i eit forsøk på å koma seg ut av infernoet. Men Klakegg hadde fått beskjed om å ikkje opna døra før brannfolka kom.

– Eg var veldig nervøs. På eit tidspunkt lurte eg på om det var slik livet skulle enda.

To døgn på sjukehus

Etter om lag 30 minuttar banka ein brannmann på bildøra. Brannen i vogntoget var då sløkt, og viftene i taket hadde blåse røyken forbi bilen til Klakegg i retning Gudvangen.

– Eg gjekk ut av bilen og tok med meg hunden. Han sa eg skulle følgja midstripa ut av tunnelen. Eg var nok i ein slags panikk- og sjokktilstand.

Medan den franske familien og sambuarparet Klausen og mange andre kjempa sin livs kamp gåande ut av tunnelen mot Gudvangen, kunne Klakegg og hunden gå den kortaste vegen austover mot Flåm. Etter ei stund fekk han sitja på ut med ein sjukebil og blei etter kvart frakta til Lærdal sjukehus.

– Der var eg i to døgn og så kunne eg reisa heim, seier han.

Fleire har fått seinskadar

Politiet si etterforsking har avdekka at mange som var inni tunnelen 5. august framleis har seinskadar fem månader etter brannen. Nokre slit med klaustrofobi og angst, nokre har fått tilbake astma medan andre hostar framleis svarte klumpar med sot. Klakegg derimot kom unna ulukka utan varige mein.

– Eg kan ikkje seia eg har hatt skader etterpå, verken fysiske eller psykiske.

Er takksam for godt råd

I ein rapport slår Statens vegvesen fast at dei som blei verande inne i bilane sine truleg blei mindre utsette for røykskadar enn dei som gjekk ute i den giftige røyken. Trygve Klakegg er takksam for det rådet – og den hjelpa – han fekk denne skilsetjande dagen for nesten eit halvår sidan.

– Eg føler eg fekk ei god oppfølging på sjukehuset. Det var ein fantastisk flink person eg møtte på 113. Det var viktig for psyken min. Det å få vite at nokon held på å slokke brannen og få den under kontroll, var gode ord å høyre når ein ligg i bilen og ventar, seier han.