NRK Meny

Fekk rabatt på førarkortbeslag

Ein nordfjording i 20-åra fekk sin åttande prikk då han april i år vart målt til 75 km/t i 60-sona i Stryn. Sogn og Fjordane tingrett meinte mannen ville bli straffa urimeleg hardt med førarkortbeslag i seks månader. Av omsyn til vidareutdanning slepp mannen med tre månader. Han må også betale fartsbot på 3.700 kroner.