Hopp til innhold

Fekk pynta på statistikken

Karsten Ellema Bjelde sette sitt andre mål for sesongen då Fjøra vann 1–0 over Herd i siste serierunde i 3. divisjon fotball i ettermiddag. Fjøra var allereie før kampen nedrykksklare, men fekk pynta på statistikken i siste kamp. Med 26 poeng på 26 kampar var det berre Aalesund 2 som gjorde det dårlegare i avdeling 4.