NRK Meny

Fekk pris for god bygdeutvikling

Juryen understrekar bygda si evne til å dra lasset i lag.

Breimstafetten 2009

VIKTIG FOR BREIM: Fylkesprisen for Iderike Bygdesamfunn for 2009 går til Breim og Breim Bygdeutviklingslag. I grunngjevinga trekkjer juryen mellom anna fram Breimstafetten som døme på dugnad til beste for utvikling av bygda.

Foto: Runar Sandnes

Artikkelen er flere år gammel.

Sogn og Fjordane fylkeskommune sin fylkespris for Idérike Bygdesamfunn 2009 er tildelt Breim og Breim Bygdeutviklingslag.

Breim henta heim prisen i skarp konkurranse med Oppstryn, Viksdalen og Vevring i finalen, og sikra seg 30.000 kroner og eit spesiallaga diplom som bevis på utmerkinga.

- Trekkjer lasset i lag

Juryen peikar på Breim som ei bygd med lange tradisjonar for å drive dugnad til beste for utvikling av bygda.

Breimstafetten, Byrkjelo Games, nasjonale friidrettsstemne og Norsk countrytreff er døme på tilskipingar som understrekar bygda sin vilje og evne til å dra lasset i lag på tvers av lag og organisasjonar, alder og kjønn, heiter det i grunngjevinga.

Juryen framhevar spesielt bygda si målmedvitne satsing på tiltak for barn og ungdom, der Breim kan vise til langvarig og godt arbeid.

Rosar positive haldningar

Juryen meiner dessutan at utviklingslaget har ei aktiv rolle for å sikre og utvikle lokale arbeidsplassar.

- Positive haldningar er viktige i alle lokalsamfunn for å satse og ha tru på framtida, forklarer juryen.

I fjor fekk Holmedal vel i Askvoll prisen. Tildelinga av prisen for 2009 vil skje under fylkestinget 8. desember.

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.