NRK Meny
Normal

Desse fire fekk årets presseprisar

Både Firda, NRK Sogn og Fjordane og Sogn Avis fekk med seg prisar då Sogn og Fjordane journalistlag i går delte ut årets presseprisar.

Marie Haven, Astrid Iren Solheim, Odd Helge Brugrand og Hanne Stedje

ÅRETS PRESSEPRISAR: Marie Havnen, Astrid Iren Solheim, Odd Helge Brugrand og Hanne Stedje stakk av med årets presseprisar i Sogn og Fjordane.

Utdelinga fann stad i Førde under festmiddagen i samband med Sogn og Fjordane journalistlag sitt årsmøte i går kveld.

Journalist Odd Helge Brugrand i NRK Sogn og Fjordane fekk journalistlaget sin pressepris i kategorien nyhende. Prisen fekk han for dekkinga av det interne arbeidsmiljøet og uroa i Helse Førde.

– Det er veldig kjekt at det grundige arbeidet til Odd Helge Brugrand blir lagt merke til. Dette var ei krevjande sak som vi brukte mykje ressursar på, men vi såg på saka som viktig for å setje fokus på utfordringane i eit av dei viktigaste føretaka i fylket, seier ein stolt distriktsredaktør Terje Gilleshammer i NRK Sogn og Fjordane.

Om vinnaren skriv juryen mellom anna:

Dette er ein serie nyhendesaker som samla, og til dels også enkeltvis, er døme på god undersøkande journalistikk. Sakene avslører mellom anna eit betent arbeidsmiljø og uro mellom leiing og tilsette i ei stor og viktig verksemd – i dette tilfellet Helse Førde.

Nyheitssakene sette over ein periode på nesten eitt år dagsorden både i nyheitsbiletet i Sogn og Fjordane og internt i helseføretaket. Vinnarsaka er eit godt døme på grundig og tolmodig gravande journalistikk som får konsekvensar.

Firda stakk av med reportasjeprisen

I kategorien reportasje gjekk prisen til Astrid Iren Solheim og Marie Havnen i Firda for reportasjen om Airliftulukka – 20 år etter styrten i Vevring.

Om reportasjen skriv juryen at:

Dette handlar først og fremst om menneske som brått vart råka av ein katastrofe. Dei står fram og fortel personlege og såre historier frå ein tung fase i livet.

Dramaturgien i reportasjen er vellykka, og biletmaterialet godt. I tillegg blir potensialet både i tekst, foto og grafikk teke ut gjennom djerv bruk av spalteplass og gjennomført stø redigering. Språket er enkelt, klart – og nesten lytefritt. Vinnarreportasjen er eit framifrå og kreativt journalistisk handverk like frå planlegging til sluttprodukt.

Heiderleg omtale til lokalavis

Juryen gav også heiderleg omtale til to unge journalistar for eit ambisiøst prosjekt der dei har sett likestilling på dagsorden.

Christina Cantero og Marianne Solheim Rotihaug i Fjordenes Tidene har så langt skrive 65 nyheitssaker og reportasjar, der dei gjennom å stille enkle, men viktige spørsmål om likestilling har sett søkjelys både på skeiv fordeling og kvinner sin plass i samfunnet, skriv juryen om grunngjevinga.

Samstundes dreg dei opp bruken av kvinnelege kjelder i avisa. Serien viser at det er mogleg å jobba med eit langsiktig og viktig tema i ein liten redaksjon der daglege arbeidsoppgåver står i kø, seier juryen.

Årets bilde i Sogn og Fjordane

FEKK PRIS: Med dette bilete fekk Hanne Stedje i Sogn Avis prisen for Årets bilde.

Foto: Hanne Stedje / Sogn Avis

Årets bilde fortalde historia om kor viktig skulen er

Fotojuryen skriv mellom anna følgjande om bilete Hanne Stedje i Sogn Avis fekk prisen Årets bilde for.

Vinnarbildet i årets konkurranse viser ei ung jente i finkjole og med klemme i håret. Ho er i ein gymsal og sit på fanget til ein eldre medelev. Skulen skal leggjast ned.

Med armane rundt kvarandre trøystar dei kvarandre stille. Utan ord. Og tårene renner. Med eit enkelt bilete fortel fotografen ein historie om kor viktig skulen er for borna. Og kor vondt og skremmande det kan vera å mista den. Styrken ved biletet er at du umiddelbart vert sett inn i situasjonen elevane er i, og du får god forståing for korleis dette vert opplevd av elevane.

Fotojuryen gav også heiderleg omtale til Bent Are Iversen for biletet av Jan Herstad i Naustdal.

Bent Are Iversen fekk heiderleg omtale for dette bilete av Jan Herstad

HEIDERLEG OMTALE: Bent Arve Iversen i Firda fekk heiderleg omtale av fotojuryen for dette bilete av Jan Herstad som ikkje har fått avisa si.

Foto: Bent Are Iversen
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.